Treng du nytt BankID-passord?
Slik får du nytt passord om du har gløymt eller blokkert BankID-passordet ditt.
Er du over 18 år og har aktivert BankID-appen?
Då kan du nytte norsk pass eller norsk nasjonalt ID-kort for å sette nytt BankID-passord i appen.
Alternative metodar
- Gå til innlogging i nettbanken, vel BankID som metode og trykk på «Gløymt passord»
- Identifiser deg via kontrollspørsmål
- Opprett nytt personleg passord
- Kontakt banken direkte. Skriv oss gjerne ei melding via mobilbanken din eller ring oss på tlf.: +47 57 68 27 00, så hjelper me deg.
Sperra passord
Har du tasta feil passord for mange gongar? Då blir din BankID blokkert og kan ikkje brukast til innlogging i nettbank eller handel på internett.
Du kan sjølv oppheve blokkeringa ved å sette nytt passord via BankID-appen om du har aktivert denne, har norsk pass/ID-kort og er over 18 år.
Me kan også hjelpe deg direkte om du har fått passordet ditt blokkert. Kontakt oss via din mobilbank eller ring oss på tlf.: +47 57 68 27 00 så hjelper me deg med gjenopning.
Treng du hjelp med BankID?
Andre lurar ofte på
Korleis sperrar eg min BankID?
Har du mistanke om at passord, kodebrikke og/eller telefon med BankID-app er på avvege, skal BankID sperrast så snart som råd.
Kva bør eg gjere dersom telefonen blir stjåle?
Kontakt banken eller sperretjenesta for å sperre BankID-appen (og biometri).
Aktiver deretter BankID-appen på ny eining med kodebrikka di eller pass/ID-kort.
Kan eg kaste kodebrikka når eg har BankID-app?
Nei, i enkelte tilfeller kan du få bruk for kodebrikka, så ta godt vare på den!
Skal du til dømes laste ned BankID-appen på ein ny telefon, må du ofte også logge inn med BankID og kodebrikke for å aktivere appen på nytt. Du treng kodebrikka også for å logge inn i nettbanken utan BankID.
Kva om nokon andre har tilgang på min mobil/nettbrett?
Om du gir andre tilgang via PIN-kode eller biometri til mobilen/nettbrettet ditt, så vil dei også kunne opptre på vegne av deg.
Deler du telefon eller ei anna eining med nokon, bør du vere ekstra varsom og alltid bruke BankID med passord (ikkje BankID med biometri).
Dette gjeld for mange appar der du kan betale, slik som Vipps, Apple Pay, Google Pay, Ruter etc.
Kan eg endre BankID-passordet mitt i BankID-appen?
Ja, er du over 18 år og har aktivert BankID-appen, så kan du nytte denne appen og ditt norske pass/nasjonale ID-kort for å sette eit nytt BankID-passord.
Gå inn i BankID-appen, trykk på din profil (biletet ditt), trykk på BankID tilkopla Luster Sparebank og så på «Endre BankID-passord»
Ha passet/ID-kortet ditt klart og føl så rettleiinga i appen. Biletet på passet/ID-kortet vert undervegs samanlikna med eit bilete du tek av andletet ditt. Til sist skriv du inn eit nytt personleg passord.
Steg for steg-rettleiing med skjermbilete finn du her: Slik endrar du ditt personlege passord i BankID-appen
Kva gjer eg dersom andre har fått tak i passord, mobil eller kodebrikka mi?
Har du mistanke om at passord, mobil eller kodebrikke er på avvege, skal BankID sperrast.