Gå til sideinnhold

Landbruk

Luster Sparebank samarbeider tett med Luster kommune og Innovasjon Norge om utvikling av landbruket i Luster.

Me samarbeidar også med Landbruksdirektoratet for å gje deg som bonde landbrukskreditt til særskilt gode vilkår. Denne kreditten er avhengig av leveransane dine til Landbrukssamvirke. Leveransane finn du på årsoppgåvene frå samvirket.

Tenker du på å bygga ny driftsbygning treng du ein driftsplan. Denne er gjerne utarbeida saman med Tine eller Landbruksrådgjeverar. Luster kommune ved Landbrukskontoret er òg ein viktig rådgjevande part når du skal investere og søke støtte hos kommunen. Driftsplanen viser om det vil vere lønsamt for deg å investere i ny driftsbygning i forhold til det du har av ressursar inklusive leigd jord.

For deg som har enkeltpersonsforetak kan det vera viktig å sjekke ut sjukelønnsordningane hos NAV og ha dei rette personforsikringane i tilfelle du eller din kjære vert ufør eller fell ifrå slik at de har økonomisk bereevne til å bli buande på garden og oppretthalde levestandarden.

Ta kontakt med oss så finn me dei beste ordningane for deg, familien din og garden.

Fordeler:

  • God samarbeidsmodell med Luster kommune og Innovasjon Norge
  • Lån og personforsikringar på same stad so vil du vere rett forsikra
  • Me er på lag med deg for å utvikla landbruket og bygdene i Luster
Gunnar Ruud

Om du lurar på noko er me her for deg

Traktor_barn_PB

Kva forsikringar treng du til deg, ditt og dine?

Sjå her kva vårt prisvinnande forsikringsselskap Frende tilbyr