Nokre brukarar må stadfeste identiteten sin på nytt i BankID-appen
Brukarar av BankID-appen som ikkje tidlegare har skanna pass eller nasjonalt ID-kort i appen, må no gjennomføre ei ny identifisering.
Strengare krav til tryggleik
BankID gjev tilgang til mellom anna helsetenester og offentlege digitale løysingar, og har det høgaste tryggingsnivået i EU. For å sikre at BankID-en faktisk vert brukt av rett person, må nokre brukarar no dokumentere identiteten sin på nytt.
Du vil få melding direkte i appen når det er din tur.
Gjeld dette deg?
Har du allereie skanna pass eller nasjonalt ID-kort i BankID-appen, treng du ikkje gjere noko. Personar med utanlandsk pass og personar under 18 år treng heller ikkje gjennomføre kontrollen no – det vert jobba med ei eiga løysing for desse gruppene.
Kva må du gjere?
ID-kontrollen vert gjennomført ved at du skannar pass eller nasjonalt ID-kort i BankID-appen. På denne måten kan me kople saman deg som person og din BankID. Når det er din tur, finn du rettleiing direkte i appen.
Det er likevel lurt å vere førebudd:
- Sørg for at du har gyldig norsk pass eller nasjonalt ID-kort tilgjengeleg.
- Oppdater BankID-appen til siste versjon via Google Play eller Apple App Store.
- Treng du hjelp undervegs, kan du be nokon du stolar på om assistanse.
For meir informasjon, sjå BankID sine heimesider.