Her er mottakarane av årets Ungdomsstipend
Luster Sparebank ser på framtida til ungdommane våre som det viktigaste av alt.
Tradisjon tru vart årets Ungdomsstipend delt ut under Lustramarknaden, og banksjef, Jermund Lien Molland, delte i år ut stipend til heile sju flotte ungdommar.
- Emil Haugen Kalhagen, 19 år frå Hafslo – Handbak
- Maiken Bolstad Skjolden, 17 år – Sprangridning
- Noah Kvalsøren, 17 år frå Luster – Fotball
- Kristian Sandvik, 15 år frå Sogndal – Fotball
- Ingrid Brenne, 16 år frå Sogndal – Langrenn
- Elias Haugen, frå Jostedalen – Motorcross
- Tiril Hustad Bolstad, 17 år frå Skjolden – Song og piano
Me tykkjer det er skikkeleg stas å kunne støtte opp om ungdommen, slik at dei kan få utvikle talenta sine vidare. Me er sikre på at me kjem til å både sjå og høyre meir til desse 6 i tida som kjem.

Gratulerer med stipenda og lukke til vidare!
Helsing alle oss i Luster Sparebank
Om Ungdomsstipend
Ungdomsstipendet skal hjelpe unge mellom 16 og 25 år som har klare ambisjonar og mål om å ta eit steg vidare innan song, musikk eller anna kultur, utvikle seg innan sport og idrett, eller til ungdom som har ein god idè eller planar om å drive eiga næringsverksemd.
Banken lyser kvart år ut kultur- og næringsstipend for ungdom.
