Mobilbank for bedrift
Med Mobilbank Bedrift får du enkel tilgong til dei vanlegaste banktenestene for di bedrift, same kvar du er.
Før du set i gong med mobilbanken, må du ha nettbedriftavtale hjå Luster Sparebank.
Brukarar må vere registrerte med mobilnummer og e-postadressa for å ta i bruk appen.
Administrator kan registrere e-post og telefonnummer på brukar slik:
- Klikk på «Meny».
- Under «Administrasjon», vel «Brukarar».
- Klikk på den aktuelle brukaren.
- Legg inn mobilnummer og e-postadresse i dei respektive felta.
- Klikk «Lagre» nedst på sida.
Slik aktiverer du Mobilbank Bedrift
Last ned mobilbank-appen:
Før du kan logga inn i mobilbank for bedrift, må du aktivere appen. Etter identifisering får du ein aktiveringskode på SMS, som du tastar inn i appen.
Dette gjer du berre første gongen du opnar appen. Etterpå loggar du enkelt inn med ein 4-sifra kode, eller med biometri dersom telefonen støttar det.
Med mobilbank for bedrift får du:
- full oversikt over kontoar og transaksjonar
- rask tilgong til å betale rekningar og overføre mellom kontoar
- tilgong til postkasse og arkiv, når du treng det
- ein ryddig hovudmeny med dei viktigaste tenestene samla
- full kontroll på økonomien i bedrifta, rett frå mobilen
Treng du å kontakte banken, kan du sende melding trygt og sikkert direkte i appen.