Invitasjon til Rentepraten med Ragnar Torvik
I samarbeid med LOKALBANK inviterer me deg som bedriftskunde til webinar med NTNU-professor Ragnar Torvik.
Kva betyr Norges Bank si rentebeslutning for utviklinga framover? I dette webinaret får du ei lettfatteleg forklaring på renteendringa og kva ho kan ha å seie for næringslivet, både lokalt og nasjonalt.
Du vil få tilsendt møtelenkje og kalenderinvitasjon etter registrering.
Ragnar Torvik er professor i samfunnsøkonomi ved NTNU og ein av dei mest anerkjende ekspertane i Noreg på makroøkonomi. Han har tidlegare arbeidd ved Universitetet i Oslo og i Noregs Bank, og har vore gjesteforskar ved mellom anna Harvard, MIT og Berkeley. Torvik er òg leiar for Finanspolitikkutvalget.