Kontaktlaus betaling
Tæpp kortet så mykje du ønskjer.
Eigen app
Med appen «Kredittbanken» har du all informasjon om kortet ditt.
Reiseforsikring
Forsikring som dekker uhell, sjukdom og tjuveri.
LOKALBANK Privat
Kredittkortet for deg som er over 18 år og ser etter eit fleksibelt og oversiktleg kredittkort.
Kortet gir deg inntil 45 dagar rentefri betalingsutsettelse, ingen årsgebyr, samt god reise- og avbestillingsforsikring med dekning for leigebil.
Priseksempel LOKALBANK Privat:
Effektiv rente 26,2 %. Låner du 15 000 over 12 månader, kostar det 1 650 kr, og du betalar 16 650.
Eit allsidig kredittkort som passar for alle
Ved utenlandsreiser eller uforutsette utgifter kan kredittkort fungere som eit supplement for at du skal ha ein trygg økonomi.
Med LOKALBANK Privat får du:
- Ingen årsgebyr
- Inntil 45 dagar rentefri betalingsutsettelse
- Løpende oversikt og kontroll i Kredittbanken-appen
- Ei god reise- og avbestillingsforsikring med dekning for leigebil
- Gode reklamasjonsrettigheter når du handlar på nett
- Moglegheit for å kjøpe forsikring mot ID-tjuveri i Kredittbanken-appen.
- Mobilbetaling med Google Pay, Samsung Pay og Vipps.
Har du Mastercard gjennom Luster Sparebank?
Kva skjer med Mastercard-kortet mitt?
Ditt noverande kredittkort er levert frå Entercard. Me kjem til å tilby deg nye kort frå vårt dotterselskap Kredittbanken, med minst like gode betingelsar og fordelar som du har hatt i dag.
Ditt noverande Mastercard vil fungere inntil vidare, men vil forsvinne frå nettbanken din hjå oss. Entercard kan òg kontakte deg med sitt eige tilbod. Vel du Entercard, vil kortet ikkje lenger vere tilknytt Luster Sparebank.
Kvifor ser eg ikkje mitt nye LB kredittkort i nettbanken?
Me er i prosess med å integrere ditt nye kredittkort i nettbanken og håpar det straks vil vere på plass. Inntil vidare oppmodar me om å laste ned Kredittbanken-appen.
Korleis seier eg opp mitt Mastercard?
For å avslutte din kredittavtale med Entercard kan du ringe telefonnummer +47 73 89 77 97 eller sende ein epost til [email protected]
Har du spørsmål om kredittkort?
Me hjelper deg gjerne! Kontakt oss på telefonnummer +47 57 68 27 00 , eller send ein e-post til [email protected].
Opningstid:
Alle kvardagar kl. 10:00 – 15:00.
Me er tilgjengelege på telefon kl. 8:00 – 15:30, måndag – fredag.
Full oversikt og kontroll i Kredittbanken-appen
Last ned Kredittbanken-appen frå Google Play eller App Store, så har du ditt LOKALBANK kredittkort lett tilgjengeleg, uansett kvar du er.
Ofte stilte spørsmål om kredittkort
Kan eg betale inn ekstra på kredittkortet?
Ja, du kan gjere ekstra innbetalingar på kredittkortet og treng ikkje vente på den månadlege fakturaen for å betale inn.
Ekstra innbetaling skjer ved å bruke same KID-nummer og kontonummer som på den månadlege fakturaen. KID-nummeret ditt er personleg, og du finn både dette og kontonummer i tidlegare fakturaer i arkivet i nettbanken eller i Kredittbanken-appen.
Når kjem fakturaen?
Du får tilsendt kredittkortregninga rundt 14 dagar før forfall. Hos oss kan du sjølv velge om du vil ha forfall den 1., 10., 15. eller 20. i månaden.
Eksempel: Med forfall den 15. februar vil me sende deg faktura i månadsskiftet januar/februar. Denne regningen vil innehalde alle kjøp du har gjort i perioden 1.–31. januar.
Korleis kan eg endre kredittgrensa på kortet?
Du kan søke om auka kredittgrense i Kredittbanken-appen. Dersom søknaden blir godkjent, blir grensa endre umiddelbart.
Du kan også senke kredittgrensa, dersom du ønskjer det.
LOKALBANK Ansatt – kredittkortet for mindre bedrifter
Reiser du gjennom jobben, eller kjøper varer på vegne av bedrifta? Då lønner det seg å ha eit eige kredittkort for å skille mellom private kjøp og jobbrelaterte utlegg.
LOKALBANK Ansatt er kredittkortet for deg som allereie har LOKALBANK Privat og ønskjer eit fleksibelt kredittkort med privatansvar, til jobbrelaterte utgifter. Kortet eignar seg for bedrifter med mindre enn to tilsette.
Priseksempel LOKALBANK Ansatt:
Effektiv rente 26,2 %. Låner du 15 000 over 12 månader, kostar det 1 650 kr, og du betalar 16 650.
Prisliste Lokalbank Privat og Lokalbank Ansatt
| Produkt | Pris | |
|---|---|---|
| Lokalbank Privat og Lokalbank Ansatt 1 | Årspris | 0 kr | Varekjøp | 0 kr | eFaktura | 0 kr | Papirfaktura | 11 kr | Mobilbank | 0 kr | Kontantuttak i minibank, utland i valuta | 0 kr | Kontantuttak i minibank, utland i NOK | 40 kr + 1% av uttaksbeløp | Kontantuttak i minibank, innland | 40 kr + 1% av uttaksbeløp | Kontantuttak i bank, inn- og utland | 40 kr + 1% av uttaksbeløp | Valutapåslag | 2.00 % | Kopi av faktura | 0 kr | Nominell rente | 23,46 % | Effektiv rente | 26,2 % | Erstatningskort | 0 kr | Overtrekksgebyr | 125 kr | Innfrielse kreditt andre kortselskaper f.o.m. 3. overføring fra samme konto innenfor 12 mnd. | 0 kr | Overføring fra kredittkort til konto | 25 kr + 1 % av overført beløp, renter beregnes på ordinært vis | Minimumsbetaling (pr måned av benyttet kreditt) | 3,50 % minimum 250 kr | Rentefri betalingsutsettelse | Inntil 45 dagar |
1 ) Priseksempel ved utsett betaling: Effektiv rente 26,2 %. Låner du 15 000 kr over 12 måneder, kostar det 1 650 kr, og du betalar totalt 16 650 kr. Bruk av kort hos Posten/ Post i butikk regnes som kontantuttak. Purregebyr og inkassogebyr følgjer dei til eikvar tid gjeldande offentlege satsar. Samanlikn prisar på finansportalen.no. LOKALBANK Privat og LOKALBANK Ansatt