To inspirerande kveldar for næringslivet i Sogn
Saman med Luster kommune inviterer me bedrifter i Sogn til fagleg påfyll og erfaringsutveksling.
Anten du held til i Luster, eller andre stader i Sogn, er du hjarteleg velkomen til vårens temamøter.
På agendaen: lokal næringsutvikling og kunstig intelligens
På møta løftar me fram to aktuelle tema: Kva skal til for å lukkast med lokal næringsutvikling? Og korleis kan kunstig intelligens vere eit effektivt verktøy?
Det blir innlegg frå engasjerte fagfolk, panelsamtale og eit godt høve til å treffe andre i det lokale næringslivet.
Meld deg på her
Grunna matservering ønskjer me påmelding seinast to dagar før møta.
Meld deg på til leiar for bedriftsmarknad i Luster Sparebank, Torbjørn Kjørnes, på telefon eller e-post:
📞 57 68 23 48
Temamøte 19. mars kl. 18:00 på Eikum Hotell
Lokal næringsutvikling – kva skal til for å lukkast?
Tor Arne Ness, styreleiar i Kaupanger Næringsforening, kjem for å gje oss eit innblikk i korleis dei har lukkast med næringsamarbeid på Kaupanger.
John Geir Sperle, styreleiar i Luster Næring, informerar om etableringa av ein næringssamskipnad i Luster kommune.
Etter innlegga blir det panelsamtale om næringsutvikling, med:
- Tor Arne Ness, Kaupanger Næringsforening
- Øyvin Tørvi, Digital Etikett
- John Geir Sperle, Luster Næring
- Gunn Irene Sviggum Bruheim, partner i revisjons- og rådgjevingsselskapet Cedra
Gaupnetunet Hotell, torsdag 9. april kl. 18.00
Kunstig intelligens – moglegheiter og truslar
Kunstig intelligens er i rivande utvikling, men kva betyr det i praksis for deg og bedrifta di?
- Kjetil Myrland og Johannes Mork frå Tell Norge vil innleia om effektiv bruk av kunstig intelligens. I ein jungel av artiklar og presentasjonar om kunstig intelligens vil Kjetil og Johannes gje eksempel på praktisk bruk av KI-verktøy.
- Luster Sparebank vil snakke nærare om sårbarheit knytt til ny teknologi frå banken sitt perspektiv. Kva skal ein vere spesielt merksam på, og korleis kan ein redusere risikoen for å verta offer for personar og verksemder med uærlege hensikter?
Me gler oss til to lærerike og sosiale kveldar saman med næringslivet i Sogn. Velkomen!