Kontaktlaus betaling
Tæpp kortet så mykje du ønskjer.
Eigen app
Med appen «Kredittbanken» har du all informasjon om kortet ditt.
Reiseforsikring
Forsikring som dekker uhell, sjukdom og tjuveri.
Kredittkort
Det er fleire fordelar ved bruk av kredittkort. Ved utanlandsreiser eller uforutsette utgifter anbefalast kredittkort som eit supplement for at du skal ha ein trygg økonomi.
Reiseforsikring inkludert
Dersom du betalar minimum 50 % av reisa med kredittkortet får du ei reiseforsikring inkludert som dekkar uhell, sjukdom og tjuveri.
Sjå saldo og bevegelser i Kredittbanken
Last ned appen «Kredittbanken» så har du all informasjon om ditt kredittkort. Du kan mellom anna hente PIN, sperre kort og overføre frå kortet.
Har du spørsmål om kort?
Kundeservice Kredittbanken
Har du spørsmål om kredittkortet ditt kan du ringe telefonnummer 73 88 44 42, eller sende ein e-post til [email protected] kvardagar mellom klokka 08.00-16.00.
Har du Mastercard gjennom Luster Sparebank?
Kva skjer med Mastercard-kortet mitt?
Ditt noverande kredittkort er levert frå Entercard. Me kjem til å tilby deg nye kort frå vårt dotterselskap Kredittbanken, med minst like gode betingelsar og fordelar som du har hatt i dag.
Ditt noverande Mastercard vil fungere inntil vidare, men vil forsvinne frå nettbanken din hjå oss. Entercard kan òg kontakte deg med sitt eige tilbod. Vel du Entercard, vil kortet ikkje lenger vere tilknytt Luster Sparebank.
Kvifor ser eg ikkje mitt nye LB kredittkort i nettbanken?
Me er i prosess med å integrere ditt nye kredittkort i nettbanken og håpar det straks vil vere på plass. Inntil vidare oppmodar me om å laste ned Kredittbanken-appen.
Korleis seier eg opp mitt Mastercard?
For å avslutte din kredittavtale med Entercard kan du ringe telefonnummer +47 73 89 77 97 eller sende ein epost til [email protected]