Me har ingen eigarar som skal ha sin del av overskotet vårt. Difor deler me i staden kvart år ut ein del av det som gåver til allmennyttige føremål.
Har du eit tiltak som kjem lokalsamfunnet til gode?
Gjennom gåver, sponsoravtalar og anna støtte bidreg Luster Sparebank kvart år med betydelege midlar til lokalsamfunnet. Slik bidreg me til å halde oppe eit godt aktivitetsnivå innan idrett, kultur, organisasjonsliv og andre samfunnsnyttige tiltak.
Frivillige organisasjonar med aktivitetar som er opne for allmenta kan søkje om gåvemidlar.
Søknadsfrist for å søke om gåvetildeling var 17. februar.
Gåvesummen vart tildelt på møte i generalforsamlinga 26.mars.
Har du gode føremål er du velkommen til å søke om anna gåvetildeling heile året. Ta gjerne kontakt med oss.