Sponsoravtale med Veitastrond Idrettslag
Rett før jul signerte Luster Sparebank ein ny sponsoravtale med Veitastrond Idrettslag. Avtalen strekkjer seg fram til 2029 og gir idrettslaget endå betre økonomiske rammer for å drive aktivitet og skape gode møteplassar i bygda.
Veitastrond Idrettslag gjer ein viktig innsats for barn, unge og vaksne, og me er stolte av å kunne vere ein langsiktig støttespelar.
– Me er særs takksame for å ha Luster Sparebank som støttespelar. I tillegg til sponsoravtalen er banken eineståande til å støtte opp rundt enkeltprosjekt både på Veitastrond og andre stadar i kommunen. Dei siste åra har me blant anna fått betydelge økonomisk støtte til ballbinge, opprusting av lysløype og nytt klatrestativ.
Som lokalbank ønskjer me å vere med og støtte lag og organisasjonar som skapar liv, trivsel og fellesskap i bygdene våre.
Lag og organisasjonar
Har du verv i eit lag eller i ein organisasjon? Me kan hjelpe deg med konto, kort og smarte betalingsløysingar.