
Avvikling av bankbokstenesta
Talet på bankar som tilbyr bankboksar har minka dei siste åra. Dette har ført til at systemleverandøren av programvara for bankboksar har avvikla verksemda si.
Luster Sparebank har difor ikkje lenger høve til å tilby ei tilfredsstillande bankboksteneste, og vil avvikle tenesta innan utgangen av 2025.
Vi ber kundar med bankboksavtale om å tømme boksen og levere inn nøklane innan 31. desember 2025.
Det finst to ulike typar bankboksar, og dei har ulike nøklar. Sjå bilde.
Kundar som avsluttar leigeforholdet innan 31. august 2025 vil ikkje bli belasta for leige for 2025.
Ta gjerne kontakt med oss dersom du har spørsmål.