Gå til sideinnhold
Bilete gravplass, henta gratis frå Pixabay

Dødsbu

Når nokon døyr

Det er vondt å miste nokon ein er glad i, og midt i sorgprosessen er det praktiske ting som må ordnast. Me prøver å hjelpe deg så godt me kan i ein tøff situasjon, samstundes som me er pålagde å følgje gjeldande lovar og reglar.

Gravferdsbyrået kan hjelpe deg med praktiske oppgåver like etter dødsfallet, og det er dei som varslar Tingretten. Tingretten vil vidare varsle Folkeregisteret og sende informasjon om  skifteattest til arvingane.

Banken får automatisk melding frå Folkeregisteret når nokon døyr, og kundeforholdet blir då sperra.

  • Alle disponentar vert fjerna frå kontoen
  • Nettbank og BankID vert sletta
  • Alle betalingsavtalar (avtalegiro/eFaktura) vert sletta
  • Alle kort blir sperra
  • Banken opnar for at kostnader i samband med gravferda kan utbetalast frå avdøde sin konto

Midlane til avdøde vil bli ståande på konto fram til me får tilsendt skifteattest.

Banken kan dessverre ikkje gje innsyn i tidlegare kontoutskrifter. Dette er ikkje berre for å følgje teieplikta, men òg for å verne om privatlivet til den avdøde. Pårørande kan likevel be Tingretten om å få formues- og gjeldsfullmakt eller skifteattest. Med slik dokumentasjon har pårørande rett til å få kontoutskrifter tre månader tilbake i tid frå dødsdato, for å få innsyn i den avdødes betalingsavtalar. Pårørande må sjølv kontakte leverandørane det er betalingsavtalar med.

Oppgjer av bu

Når arvingane har fått skifteattest og det er gjort avtale om kven som skal vere fullmektig, kan de kontakte banken for å gjere opp buet til avdøde.  Dersom de ynskjer eit møte med banken, må det gjerast avtale om dette på førehand.

Hugseliste når de kjem på møte i banken:

  • Ta med kopi av skifteattest
  • Ta med kopi av fullmakter frå alle arvingar når skifteattesten ikkje angir kven som er fullmektig
  • Dersom fullmektig ikkje allereie er legitimert i banken  – ta med gyldig legitimasjon
  • Ta med kort og kodebrikke tilhøyrande avdøde dersom de har dette
Kjell Håvard Skeide

Ta gjerne kontakt med oss om de lurer på noko!

Me ynskjer di tilbakemelding!