Gå til sideinnhold
Heim / Nyhende / Temamøte for næringslivet 2025
Frå temamøte på Nes Gard mars 2023.

Temamøte for næringslivet 2025

Det er ein tradisjon at Luster kommune og Luster Sparebank arrangerer temamøte for næringslivet i vintermånadane. Næringslivet i Luster kommune og elles i Sogn er hjarteleg velkomne!

I tillegg til interessante og aktuelle innlegg, er det eit fint høve til å møte kollegaer i næringslivet.

Grunna matservering treng me påmelding seinast to dagar før møta.

Meld deg på til leiar for bedriftsmarknad i Luster Sparebank, Torbjørn Kjørnes, på e-post [email protected] eller på telefon 57 68 23 48.

Elv, foto Lene

Temamøte 27. februar kl. 18:00 på Gaupnetunet

«Vasskraft og betydninga denne har for Luster»

Vasskrafta er viktig for Luster kommune. Representantar frå dei store aktørane innan vasskraft vil snakke om status og planar for sine verksemder i Luster kommune.

  • Prosjektleiar Statnett, Oddbjørn Strand
  • Dagleg leiar Luster Energi AS, Anders Molland
  • Regionsdirektør Statkraft Energi region Midt-Norge, Kåre Hønsi
  • Kraftverkssjef Hydro Energi Sogn, Per Gullaksen
Ragnar Torvik

Temamøte 13. mars kl. 18:00 på Eikum Hotell

Professor i økonomi ved NTNU, Ragnar Torvik, vil snakke om dei økonomiske utsiktene globalt og nasjonalt, og korleis dette påverkar oss i Luster og Sogn.

Odd-Bjørn Hjelmeset

Temamøte 13. mars kl. 18:00 på Eikum Hotell

Ny sals- og marknadssjef i Digital Etikett, Odd-Bjørn Hjelmeset, fortel om reisa frå å vere den raskaste i verda på ski til dei raskaste leveringstidene i etikettverda.

Me ynskjer di tilbakemelding!