Temamøte for næringslivet
Det har blitt ein tradisjon at Luster kommune og Luster Sparebank arrangerer temamøte for næringslivet i vintermånadane.
Temamøte 28. mars kl. 19:00 på Nes Gard
«People of the North – Sogn»
- Arne Hjeltnes – presentasjon av TV-program frå Sogn og Luster, samt føredrag om temaet «Kvifor er det viktig å ha eit aktivt og mangfaldig næringsliv i norske kommunar»
- Nes Gard ved Anders Månum – om satsinga på Nes Gard dei siste åra
Møta er opne for alle, men grunna matservering treng me påmelding. De kan melde dykk på til [email protected]
Luster kommune og Luster Sparebank
Temamøte 9. februar kl. 19:00 på Gaupnetunet
«Urolege tider for næringslivet, men og grunnlag for ny vekst»
- Luster Sparebank ved Jermund Lien Molland – Korleis handterer den lokale sparebanken dei «urolege tidene»?
- LMI ved Geir Øren og Ecura ved Bjarni Valsson – Kva utviklingsplanar har verksemdene og korleis arbeider dei med rekruttering av nye tilsette?
- Sognekraft og samarbeidande kommunar ved Torgeir Skålid – Presentasjon av utviklingsselskapet «Sogn utvikling» – målsetjing om ny grøn industri basert på tilgang til vasskraft
- Næringsareal i Luster kommune ved Knut Vidar Svanheld og Oliver Bjørndal – Orientering om kva næringsareal som finns i Luster kommune, arbeidet med å regulere nye næringsområde og arbeidet med kommuneplanen sin arealdel