Innskot og plassering
Dersom bedrifta di har overskotslikviditet, kan det vere lurt å sjå på korleis ein skal plassere pengane. Me hjelper deg å finne den spareløysinga som passar dykk best.
Sparing i bank
Har du ofte raskt behov for midlar kan ein sparekonto vere den beste løysinga for di bedrift. Her får du betre rentebetingelsar enn på driftskonto, og bedrifta tek ingen risiko. Me kan gje deg gode råd for kva du skal gjere med eventuell overskotslikvidetet.
Her kan du lese meir om banken sine ulike spareprodukt
Sparing i fond
Sparing i fond passar bedrifter som har ein langsiktig tidshorisont på sparinga og vil ha avkastning på pengane.
Det kan vera lurt å ikkje satsa alle pengane på eitt verdipapir. Fond er lagt opp slik at risikoen blir spreidd på forskjellige typar verdipapir. På denne måten er bedrifta sikra ei jamnare og tryggare utvikling av overskotsslikviditeten.
Me kan gje bedrifta di råd og rettleiing om langsiktig plassering i fond.
Her kan du også lese meir om sparing i fond
Sparing i aksjar
Me tilbyr aksjehandel i samarbeid med Norne Securities.
Ved å registrera aksjehandlane dine sjølv i nettbanken, kan du raskt og effektivt kjøpa og selja enkeltaksjar, samstundes som du sparer omkostningar.
Før du plasserer sparepengane i aksjar må du vera klar over at plassering i enkeltaksjar er ein relativt risikofylt investering. Det krev god kunnskap til marknaden og ulike bransjar. Skal ein investera i enkeltaksjar risikerer ein periodar med store svingingar.
For å starte med aksjehandel treng bedrifta ein VPS-konto gjennom Luster Sparebank og LEI-kode. LEI-kode står for Legal Entity Identifier og er ein global standard for å kunne identifisere selskap. Kontakt banken dersom bedrifta treng ein LEI-kode.
Les meir om sparing i enkeltaksjar her