Kassekreditt
Når du treng betre likviditet i di bedrift. Denne kreditten blir ofte brukt til kortsiktig finansiering av omløpsmidlar.
Finansierer drifta
Ein kassekreditt kan nyttast til å finansiere dei kortsiktige omløpsmidlane.
Besparande
Du betalar kun rente for den delen av kreditten som er i bruk.
Dekkar behov for likviditet
Pengar tilgjengeleg i tidsrommet frå du sender faktura til kunden betalar.
Om kassekreditt
Dette er ein kreditt som er knytt til firmakontoen. Det betyr at bedrifta kan «overtrekke» kontoen inntil ei avtalt kredittramme. Kreditten gir bedrifta betre likviditet fordi rekningar kan betalast før salsinntektene kjem inn. Kassekreditten skal brukast til finansiering av omløpsmidlar, til dømes varelager og fordringar. Ved behov for meir langsiktig finansiering vil eit nedbetalingslån vere betre eigna.