Gå til sideinnhold
Heim / Bedrift / Dagleg drift / Nettbank for bedrift

Nettbank for bedrift

Bedriftsregnskap ligger på en benk under en kalkulator og en penn. Foto

Nettbedrift er vårt skreddarsydde betalingssystem for bedrifter. Med Nettbedrift kan bedrifta betale rekningar, utveksle filer og få tilgang til rapportar.

Enkel i bruk

Enkelt å lagre og hente detaljert informasjon om betalingar og mottakarar.

Kompatibelt

Kan integrerast med system for løn, økonomi og bankavstemming.

Sikkert

Sikre og graderte brukartilgangar, og uavgrensa tal brukarar per Nettbedrift.

Nettbedrift passar for

  • Næringsdrivande som ynskjer fleire brukarar eller fleire firma i ei avtale
  • Næringsdrivande som ynskjer å gje rekneskapsførar tilgang til konto og kontoutskrifter
  • Næringsdrivande som ynskjer at banken skal vere integrert med eit økonomisystem

Nettbedrift

Med Nettbedrift får du ein eigen nettbank for bedrifta, utan å blande inn dine private kontoar.

Her kan du enkelt lagre og hente detaljert informasjon om betalingar og mottakarar. Du vil også ha funksjonalitet for valutakonti.

Du kan sjølv bestemme kva kontoar som skal visast og kven som skal ha tilgang til desse. I nettbedrift kan du ha eit ubegrensa tal brukarar per avtale.

Nettbedrift med rekneskapsintegrasjon

Du kan bestille Nettbedrift med eller utan integrasjon.

Med integrasjon vil bedrifta sine inn- og utbetalingar gå rett inn i økonomisystemet ditt med filoverføring. Dette kan spare deg for både tid og krefter. I tillegg vil dette minimere risikoen for feilføring og forenkle drifta for næringsdrivande og eventuell rekneskapsførar.

Med vår Nettbedrift kan du integrere system som Fiken, Tripletex, Visma, UniMicro med fleire.

Administrering av Nettbedrift

I Nettbedrift vert èin person sett opp som administrator. Denne personen får utvida fullmakt og er den som kan gje tilgangar for andre brukarar. Døme på tilgangar er innsyn på konto, registrere betaling og godkjenne betaling/overføring.

Oppretting og endring av brukarar vert gjort inne i Nettbedrift av administrator.

Innlogging i Nettbedrift skjer med brukaren sin personlege BankID.

For å endre brukar i Nettbedrift, må du fylle ut kontaktskjema med opplysningar om ny brukar.

Me ynskjer di tilbakemelding!