Gå til sideinnhold

Pensjon

Pensjon_ansatte_næring_Frende

Ein god pensjonsavtale er viktig for å sikre inntekta etter at ein går av med pensjon. Frende Forsikring tilbyr pensjon levert av Nordea Liv.

Enkelt for dei tilsette

Med pensjonsappen Boost får dei tilsette oversikt over pensjonen sin – rett på mobilen.

Enkelt for arbeidsgjevar

Med nettløysinga Bedriftskatalogen kan arbeidsgjevar enkelt halde avtalen oppdatert.

Stor valfridom

Du kan påverke pensjonssparinga ved å velje mellom fire ulike pensjonsprofilar.

Pensjon er viktig

Alle bedrifter er plikta til å ha ein avtale for sine tilsette. Difor bør du velje ein avtale som dine tilsette vil verdsetje og som knyter dei til bedrifta di.

Å spare til pensjon for dine tilsette er kanskje det viktigaste du kan gjere for dei.

Gode pensjonsordningar er òg eit stadig viktigare gode for dei tilsette slik at du kan behalde dei beste folka og for å vere attraktiv når du skal tilsette nye.

Pengane du sparar vert investert i fondspakkar. Dei tilsette kan sjølv velje kva fondspakke dei ynskjer, innanfor avtalen bedrifta har valt.

Rådgjevarane våre kan mykje om pensjon og kan hjelpe deg med å finne rett sparing og forsikring tilpassa bedrifta di.

Luster Sparebank leverer eit moderne pensjonssystem – «Frende Forsikring Pensjon levert av Nordea Liv».

For å gjere det enklare både for arbeidsgjevar og den tilsette er det lansert fleire nettbaserte løysingar. Bedriftskatalogen gjer det enklare for arbeidsgjevar, og pensjonsappen Boost og Persondialogen gir ei fin oversikt for den tilsette.

Me hjelper deg gjerne med pensjon.

Ulike typar pensjonsordningar

Innskotspensjon

Innskotspensjon er den vanlegaste forma for pensjon for tilsette i private bedrifter.

Bedrifta betalar inn ein bestemt sum kvart år til dei tilsette sin pensjonskonto. Dette utgjer pensjonssparinga.

Slik fungerer det hjå oss

Innskotspensjonen hjå Frende er levert av Nordea Liv og let deg velje sparing innanfor følgjande sparesatsar:

  • Inntil 7% av løn opptil 12 G
  • I tillegg kan du spare inntil 18,1% av løn mellom 7,1 og 12 G

Du vel sjølv om sparinga skal starte frå første krone eller frå 1 G.

Minimum sparesats er lovbestemt til 2% frå 1 G. Bedrifta kan velje å spare utover minimumskravet.

Innskotsfritak ved uførleik

Innskotspensjonsavtalen har innskotsfritak.

Det betyr at du slepp å betale innskota dersom ein tilsett vert ufør. Nordea Liv tek over sparinga, så lenge inntektsevna til den tilsette er sett ned med 20% eller meir, og han eller ho har vore sjukmeld i 12 månadar eller meir. Uføregraden avgjer storleiken på fritaket.

Dekninga gjeld så lenge den tilsette er ufør, og varar til fylte 67 år.

Uførepensjon

Dersom du vil gje dei tilsette og familiane deira ekstra tryggleik kan du knyte tilleggsdekninga Uførepensjon til avtalen.

Avtalen gir den tilsette pengar ved uførleik og kan gi inntil:

  • 3% av løn inntil 12 G
  • Tillegg på 66% av løn mellom 6 og 12 G
  • Tillegg på 25% av G, avgrensa til 6% av løn

Uførepensjon vert utbetalt når inntektsevna til den tilsette er sett ned med 20% eller meir, og han eller ho har vore sjukmeldt i 12 månadar eller meir. Utbetalinga varar til fylte 67 år og det er mogleg å inkludere barnetillegg.

Andre tilleggsdekningar

Innskotspensjonsavtalen kan også inkludere ektefelle-, sambuar- og barnepensjon.

Ektefelle- og sambuarpensjon fungerer slik at ektefelle eller sambuar får utbetaling dersom den tilsette døyr. Barnepensjon gir barn under 21 år utbetaling dersom den tilsette døyr.

Grunnbeløp

G er forkorting for Grunnbeløpet i folketrygda og vert nytta til å berekne mange av NAV sine ytingar. Grunnbeløpet vert justert 1. mai kvart år og blir fastsett etter trygdeoppgjeret.

Helga Kalhagen

Kontakt oss gjerne om pensjon!