Vipps for bedrifter, lag og organisasjonar
Vipps er perfekt anten du har ei større bedrift, eller driv eit lag eller organisasjon. Finn løysinga som passar best til ditt behov.
Enkelt og kjapt
3 millionar nordmenn har lasta ned Vipps! Brukarane er mange! Det er enkelt for dykk og enkelt for kunden.
Full kontroll
Med Vipps får de oversikt over kundeforhold, salsrapportar og mykje meir.
Mange bruksområde
Med Vipps kan du ta betalt over disk, over nett eller logge inn kundane dine.
Ta betalt med Vippsnummer
Med eit Vippsnummer får dine kundar eit enkelt alternativ til kort og kontantar, og du får pengar rett inn på konto.
- Oppgjeret kjem raskt, du får pengar på konto dagen etter.
- Ingen faste kostnader
- Gløym betalingsterminalen og ta betaling kvar som helst
Prisar Vippsnummer:
- 0 kr i etablering
- Ingen abonnementspris
- 1,75% av omsetning
- Er du godkjent av innsamlingskontrollen eller medlem av innsamlingsrådet betalar du kun 1,5% av kjøp
Enklare og raskare fakturering med Vipps eFaktura
Vipps og eFaktura frå Nets har slege seg saman for å digitalisere og forenkle rekningsbetaling i Norge. På Nets sine sider finn du spørsmål og svar på alt som har med Vipps og eFaktura å gjere.
Med Vipps eFaktura kan kundane dine enkelt betale med eit fingeravtrykk når og kvar dei vil.
Du kan få:
- kjappare innbetalingar
- betre likviditet
- lågare fakturakostnader
Om de tek i bruk Vipps eFaktura vert faktura frå dykk tilgjengeleg for forbrukaren i Vipps, nettbank og mobilbank. De som bedrift kan halde fram med dagens faktureringsrutinar.
Kostnad for Vipps eFaktura vert bestemt av fakturadistributøren. Ta kontakt med din leverandør av økonomisystem eller fakturadistributør. Det kostar ingenting for kunden din å betale ei rekning i Vipps.
Enkel netthandel med Vipps på nett
Gjer det superenkelt å handle i nettbutikken din!
Med Vipps på nett får kundane dine
- rask og enkel utsjekk
- betre kundeoppleving
Pris er avhengig av storleik på omsetninga.
VippsPortalen
Alle med eit kundeforhold til Vipps som bedrift kan logge seg inn i Vippsportalen for å administrere sitt kundeforhold.
Her får du
- oversikt over transaksjonar
- rapportar med oversikt over oppgjer og omkostningar
- sjå og administrere salgsstadar og brukarar
Problem med Vipps?
På Vipps sine nettsider kan du finne:
- Ofte stilte spørsmål og svar
- Fleire tenester frå Vipps
- Telefonnummer til Vipps sitt kundesenter