Visa Classic
For deg over 18 år
Dette er det vanlegaste bankkortet for deg over 18 år.
Kortet kan brukast til kjøp på internett, i butikkar og minibankar over heile verda. Kortet kan også brukast til Kontaktlaus betaling.
- Beløpsgrense minibank i Noreg: kr 9.900 pr 4 dagar
- Beløpsgrense varekjøp i Noreg: kr 99.999 pr 3 dagar
- Beløpsgrense minibank i utlandet: kr 15.000
For deg under 18 år
Visa Online 8-13
Dette er kortet for dei yngste kundane våre. Kortet kan brukast i butikkar og minibankar over heile verda, men ikkje på internett. Dette kortet kan nyttast til Kontaktlaus betaling.
- Beløpsgrensene er tilpassa alderen, og barna kan bruka kr 1.000 pr veke.
- Kortet kan brukast i utlandet, men kravet er at brukarstaden er online, då det er krav om saldosjekk.
- Kortet er gratis og gebyrfritt i Noreg.
- Barna kan bruka mobilbank for å sjå saldo.
- Foreldre kan få full oversikt over barnet sin konto i nettbanken.
- Barnet får Nettobank Ung-konto
Til foreldra:
Det er i vår felles interesse at unge, nye kortbrukarar får gode og trygge kortvanar frå starten av. Barnet må læra seg korleis kortet fungerer og kvifor kortet går tomt. Det er viktig at de vaksne tek aktivt del i denne opplæringa.
Visa Online 13-
Kortet kan brukast i butikkar og minibankar over heile verda, men ikkje på internett. Dette kortet kan brukast til Kontaktlaus betaling. Du må vera 13 år for å få kortet.
- Beløpsgrensa er kr 8.000 pr veke, av dette kr 2.500 kr i minibank.
- Kortet kan brukast i utlandet, men kravet er at brukarstaden er online, då det er krav om saldosjekk.
- Kortet er gratis og gebyrfritt i Noreg.
- Ungdomen kan bruka mobilbank for å sjå saldo.
- Foreldre kan få full oversikt over ungdomen sin konto i nettbanken.
Visa Online Nett
Kortet kan brukast til kjøp på internett, i butikkar og minibankar over heile verda. Kortet kan også brukast til Kontaktlaus betaling. Ein må ha nettbank og vera over 15 år for å få Visa Online Nett.
- Beløpsgrensa er kr 8.000 kr pr veke, av dette kr 2.500 i minibank.
- Kortet kan brukast i utlandet, men kravet er at brukarstaden er online, då det er krav om saldosjekk.
- Kortet kan nyttast på internett
- Ungdomen kan bruka mobilbank for å sjå saldo, betala og overføra pengar.
- Foreldre kan få full oversikt over ungdomen sin konto i nettbanken.
Kontaktlaus betaling
Kontaktlaus betaling i betalingsterminalar
Alle nye kort har dette symbolet, og det betyr at du kan bruka kortet til kontaktlaus betaling utan PIN-kode.
Kortet kan framleis brukast på vanleg måte.
Betalingsterminalar som har dette symbolet, og er klargjorde, kan nyttast til kontaktlaus betaling.
For å betala kontaktlaust, legg du kortet inntil symbolet på terminalen. Når du høyrer eit pip, er betalinga utført. Mindre varekjøp kan du gjera utan å tasta PIN-kode. Frå tid til anna vil du verta beden om å tasta PIN-koden for å stadfesta at du er rett eigar av kortet.
Mastercard
Mastercard er eit samarbeid mellom Luster Sparebank og EnterCard Norge, filial av EnterCard Group AB (org.nr 919 061 5459, der EnterCard er kredittgjevar. Kredittenestene tilhøyrande produktet vert utsteda under varemerket EnterCard.
Mastercard Gold - pengar i reserve
Fordeler:
- Tilgang til reservekapital – frå Mastercard.
- Kortet kan brukast over alt i verda.
- Med Mastercard får du tilgang til Mastercard Gold Fordel som gir deg opptil 25% cashback i over 200 nettbutikkar.
Sjå kva butikkar og les meir. - Kortet får same PIN-kode som bankkortet ditt hjå oss
- Med Mastercard har du inntil 45 dagar rentefri betalingsutsetting.
- Ved forfall vel du sjølv om du vil betala heile beløpet eller fordela dette over fleire månader.
- Alltid lurt med eit ekstra kort om noko skulle henda.
- Ved bruk av kortet, vert kjøpa belasta kortet og ikkje kontoen din.
- Oversikt transaksjonar finn du i enten i Luster Sparebank sin Nettbank eller Mobilbank, begge stader under kort og kortoversikt
Sperring av kort
Dersom kortet ditt har komme på avvegar, eller du trur at andre har fått tak i koden, må du så raskt som mogleg sperra kortet. Det kan du sjølv gjera i nettbanken eller mobilbanken under valet Kort – Sperre kort, alternativt kan du ringja banken.
I banken si opningstid: (+47) 57 68 27 00.
Du kan også du ringja Sperretenesta:
(+47) 21 49 23 92
Sperretenesta er open heile døgnet
Sperreteneste for Nettbank/Nettbedrift og BankID
TIPS:
- Det er lurt å ha banken sitt telefonnummer og nummeret til sperretenesta lagra på mobiltelefonen
- Det enklaste er å sperra kortet i Mobilbanken
Regionsperre
Sperr kortet i nettbank eller mobilbank
Legg inn regionsperre på kortet ditt, og du er trygg på at kortet ikkje blir misbrukt i dei regionane du har sperra det for. Du kan i tillegg til å sperra i regionar også sperra kortet for netthandel. Tenesta er gratis og er tilgjengeleg for deg med nettbank eller mobilbank. Løysinga er enkel å bruka.
Alternativ 1:
- Logg inn i nettbanken
- Klikk deg inn på Meny, og vidare Kort og Regionsperre
- Kryss av for om region skal vera gyldig/ikkje gyldig
Alternativ 2:
- Logg inn i mobilbanken
- vel Meny øvst i venstre hjørne
- vel Kort og Regionsperre
- Kryss av for om region skal vera gyldig/ikkje gyldig
Visa reklamasjon
Dei fleste kortkjøp blir korrekt gjennomførte, men det kan vera transaksjonar på konto som du ikkje kjenner til eller ikkje har godkjent. Det kan også vera at du ikkje har fått varene du har bestilt eller at det er noko feil med dei. Det same kan også gjelda når du ikkje mottek pengane ved minibankuttak i utlandet. I følgje avtale om betalingskort kan du reklamera på desse transaksjonane ved å kontakta oss på e-post eller telefon.
- [email protected]
- +47 21 49 23 92
Ver merksam på:
- Handla raskt – sperr kortet, enten i nettbank/mobilbank eller via sperretenesta, sjå Sperring av kort
- Du kan reklamera på alle typar korttransaksjonar, inkludert norske.
- Kjenner du til transaksjonen, må du alltid prøva å løysa saka direkte med brukarstaden først.
- Reklamasjonar på ukjende transaksjonar føretekne med kort og PIN og/eller sikker netthandel (3-D Secure) må meldast politiet.
Småsparing
Med småsparing sparar du litt kvar gong du brukar kortet ditt.
Småsparing er så enkelt at du nesten ikkje merkar det.
Avtalen legg du opp inne i Nettbanken, og du kan om ønskjeleg leggja opp fleire avtalar på same kortet;
- Du kan avrunda kjøpesummen oppover. Differansen vert då spart.
- Du kan spara ein fast sum kvar gong kortet vert brukt.
- Du kan spara ein fast prosent av kjøpesummen.
Du kan spara til eigne konti samt konti du disponerer.
Avtalen om småsparing kan du sjølv endra eller avslutta i Nettbanken.