Kva betyr den nye pensjonsreforma for deg?
Den nye pensjonsreforma gjev dei aller fleste eit auka behov for eigen sparing til pensjon.
Dei nye oppteningsreglane gjeld for alle fødde i 1963 eller seinare. (Gradering for dei fødde 1953-1962).
Yngre årskull må arbeida lenger for å opptena pensjonsrettane sine i Folketrygda.
Før var det dei 20 beste av i alt 40 års opptening som vart lagt til grunn ved utrekning av folketrygd. No vil all yrkesaktivitet, frå det året du er 13 år, telja med.
Pensjonen inneheld:
- Folketrygda
- Tenestepensjon gjennom arbeidsgjevar
- Privat oppsparte midlar.
Dess tidlegare du startar pensjonssparing, dess lågare beløp treng du å setja av kvar månad. Hugs at det er betre å spara eit lågt beløp, enn å ikkje spara i det heile.
Ta kontakt med banken for å få kartlagt behova dine slik at me kan finna aktuelle løysingar.