Slik sparar du i fond
- Logg inn i nettbanken eller mobilbanken og vel fondshandel
- Du kan då kjøpe, innløyse og reinvestere i fond
- Du kan også sjå verdien av fonda dine
Kva fond du skal velje kjem an på risiko, tidshorisont og avkastningsmål.
Avkastning vil blant anna vere avhengig av marknadsutvikling og risikoen til fondet. Avkastningen kan bli negativ som følgje av kurstap.
Banken tilbyr fond frå eit utval fondsleverandørar. Dei vanlegaste typane fond er aksjefond, obligasjonsfond og pengemarknadsfond.
Viss du er usikker på kva fond du skal spare i, kan du prøve spareroboten som ligg i nettbanken. Spareroboten finn på ein enkel måte ut kva type fond som passar for deg.
Her er link til informasjon om spareroboten
Ver merksam på:
Historisk avkastning er ingen garanti for framtidig avkastning. Framtidig avkastning vil blant anna avhenge av marknadsutviklinga, forvaltars dyktighet, fondets risiko, samt kostnadar ved teikning og forvaltning. Avkastninga kan bli negativ som følgje av kurstap. Sparing i aksjefond er forbunde med høgare risiko enn banksparing.
Aksjefond
- Den mest nytta fondstypen i Noreg
- Eignar seg spesielt godt for langsiktig sparing i minst fem til sju år
- Historisk sett har aksjefond gjeve ei avkastning på tre til seks prosent over bankrenta over ein periode på minst fem år
Obligasjonsfond
- Obligasjonar er lånepapir som stat, fylke, kommune og større offentlege selskap utferdar for å få inn kapital
- Obligasjonsfond har ein jamnare verdiutvikling enn aksjefond, og av den grunn kan du forvente lågare avkastning over tid
- Avkastninga ligg historisk på mellom to og tre prosent over bankrente
- Det vert anbefalt å spare i minst to til fire år
Pengemarknadsfond
- Passar for deg som vil plassere pengar på kort sikt (inntil eitt år)
- Er eit godt alternativ til banksparing
- Avkastninga ligg normalt frå ein til to prosent over bankrenta
Spareavtale
Med spareavtalar blir små summar fort store
- For folk flest er spareavtalar den enklaste måten å spare på
- Spareavtalar er faste månadlege trekk frå lønnskonto til ei vald spareform
- Med ein spareavtale veit du at sparinga skjer utan at du treng å føreta deg noko kvar månad
- Det er når aksjekursane fell og aksjemarknaden svingar at ein spareavtale verkeleg kjem til nytte
- Når kursane fell får du fleire andelar for pengane enn når kursane er på høgare nivå. På den måten vil ein spareavtale gje deg ein god gjennomsnittleg kurs på sparinga di.
Aksjesparekonto
Du kan opne aksjesparekonto hjå oss
Når du har aksjesparekontoen din i Luster Sparebank får du enkel tilgang til fond og aksjar i nettbanken.
Les meir om aksjesparekonto her
Sparerobot
Det er ikkje alltid enkelt å finne ut kva type fond som passar best.
Nyttar du spareroboten som ligg i nettbanken, kan denne på ein enkel måte hjelpe deg med å finne ut av dette ved å ta omsyn til sparemåla dine, risiko og den økonomiske situasjonen din. Spareroboten hjelper deg også med å sette opp ein spareavtale slik at du kjem i gang med sparinga.
Slik finn du spareroboten:
I nettbank:
- Logg inn i nettbanken
- Vel «Fondshandel» i menylinja. Då kjem du til fondsportalen vår
- Vel «Sparerobot» i menyen i fondsportalen
I mobilbank:
- Logg inn i mobilbank
- Klikk på menylinjene øverst til venstre
- Vel «Fondshandel» under overskrifta «Sparing»
- Vel «Sparerobot» i menyoversikta i fondsportalen