Aksjehandel på nett
Me nyttar Norne Securities AS som samarbeidspartnar for nettbasert og manuell aksjehandel, og ynskjer kundane velkomne til å ta i bruk denne handelsløysninga via nettbanken vår.
Dette får du tilgang til:
- Handel i aksjar, ETF’ar, eigenkapitalbevis, teikningsrettar, warrants og finansielle sertifikat på Oslo Børs og Oslo Axess
- Handel i unoterte aksjar på OTC-lista i Norge
- Integrerte kjøps- og salgstilrådingar, analysar og marknadsrapportar
- Realtidskursar og porteføljeoversikt
- Nyheiter frå Oslo Børs, Hugin m.v.
ENKEL REGISTERING FOR DEG SOM IKKJE HAR HANDLA AKSJAR FØR:
- Logg deg på Nettbanken
- Vel «Fondshandel» i menylinja
- Vel «Gå vidare til fondsportalen»
- Bli Kunde – Registrer deg
- På «Min side», etter at kundeforholdet er registrert, vel du «Aksjehandel» øvst på sida
Når kundeforholdet er oppretta får du ein e-post.
Norne Securities
Luster Sparebank er tilknytt agent til Norne Securities og kan gjennom dette agentforholdet tilby mottak og formidling av ordre på vegne av kunde i samband med eitt eller fleire finansielle instrument.
Norne Securities er eit verdipapirforetak underlagt konsesjon av Finanstilsynet til å tilby følgjande investeringstenester:
- mottak og formidling av ordre på vegne av kunde i samband med eitt eller fleire finansielle instrument som definert i vphl § 2-2
- utføring av ordre på vegne av kunde
- omsetning av finansielle instrument for eiga rekning
- investeringsrådgjeving som definert i vphl § 2-4 første ledd
- plassering av offentlege tilbod som nemnt i vphl kapittel 7, plassering av emisjonar, samt garantistilling for fullteikning av emisjonar eller tilbod om kjøp av finansielle instrument.
Norne Securities kan kontaktast på
Aksjesparekonto
Du kan opne aksjesparkonto hjå oss
Luster Sparebank tilbyr aksjesparekonto gjennom samarbeidspartnaren vår, Norne Securities AS.
- Når du har aksjesparekontoen din i Luster Sparebank får du enkel tilgang til fond og aksjar i nettbanken.
- Med aksjesparekonto kan du flytte pengane dine mellom ulike aksjefond eller enkeltaksjar utan at du må betale skatt på vinsten før du tek ut pengane.
- Du kan også ta ut investert beløp frå aksjesparekontoen og halde fram med å investere avkastninga utan å betale skatt. Dette gjeld for både aksjar og aksjefond.
Slik opprettar du Aksjesparekonto
I nettbank:
- Logg inn i nettbanken
- Vel «Fondshandel» i menylinja. Då kjem du til ei oversikt over totalverdien på fonda og aksjane dine
- Vel «administrere fond og aksjar» nederst på sida. Du kjem då til fondsportalen vår
- Vel «Opprett/Flytt til ASK» i menyen i fondsportalen
I mobilbank:
- Logg inn i mobilbank
- Klikk på meny øverst til venstre
- Vel «Fondshandel» under overskrifta «Sparing»
- Vel «administrere fond og aksjar» nederst på sida. Du kjem då til fondsportalen vår
- Vel «Opprett/Flytt til ASK» i menyoversikta i fondsportalen
Me gjer merksam på at innføring av skatteopplysningsavtale med USA (FATCA) har ført til at me ikkje tilbyr investeringstenester til amerikanske statsborgarar eller personar skattemessig busette i USA.