Det vert jamnleg gjort forsøk med såkalla trojaner-angrep mot nettbank-kundar. Ver difor ekstra merksam på om pålogginga til nettbanken er annleis enn vanleg.
Sikkerheit for både nettbank og kort er svært viktig. For å få best moglege løysingar arbeider banken saman med både leverandørar og andre bankar.
Ein viktig og vesentleg del av sikkerheita er PC-en du nyttar til nettbanken.
Tips for sikrare bruk:
- Hald maskina di oppdatert. Det gjeld både nettlesar, operativsystem og program, ikkje minst antivirusprogram.
- Oppgje aldri passord eller sikkerheitskodar til nokon!
Banken eller andre seriøse aktørar vil aldri be deg om brukarnamn, passord eller sikkerheitskodar.
Dersom du mottek e-post som ber om slik informasjon, så er det forsøk på svindel. - Ikkje klikk på linkar eller opna vedlegg i e-post frå ukjende. Dette gjeld same kor interessant eller uskuldig innhaldet virkar.
- Kontakt banken snarast råd viss påloggings-prosedyren til nettbanken virkar unormal. Avbryt i slike tilfelle innlogginga.
- Hugs å bruka Logg ut-knappen når du er ferdig i nettbanken.
- Passord og kodar må lærast utanåt og aldri oppgjevast til andre. Hugs å endra passordet med jamne mellomrom.
Fleire gode råd finn du på Nettvett si side