Gå til sideinnhold

BankID

Hvit BankID-logo på lilla bakgrunn. Illustrasjon

BankID er ein personleg, elektronisk legitimasjon. Denne gjer at du trygt kan identifisere deg og signere avtalar på nettet.

Innlogging

BankID kan du nytte til å logge inn i nettbanken og offentlege portalar som Altinn, Skatteetaten og NAV.

Signering av avtalar

BankID kan du nytte til å signere avtalar på nettet. Ein elektronisk signatur med BankID er like bindande som ein handskriven signatur.

Trygg netthandel

BankID sikrar at du er eigaren av kortet som vert brukt til netthandel.

Opprette BankID

Har du nettbank med kodebrikke frå før så kan du enkelt bestille Bank ID sjølv.

På førehand må du ha legitimert deg med pass i banken. Ta kontakt med oss om du treng hjelp med oppretting av BankID.

BankID for deg mellom 13 og 18 år

Me tilbyr også BankID for kundar mellom 13 og 18 år. I desse tilfella må foreldre/verge godkjenne bestillinga av BankID. Ta kontakt med vårt kundesenter for å komme i gang.

BankID-app og BankID på mobil

Når du skal nytte BankID brukar du eingangskode frå kodebrikka du har til nettbanken din. Du kan også nytte BankID-app eller BankID på mobil i staden for kodebrikke.

En person signerer elektronisk en avtale med BankID-app på telefonen. Foto

3 råd om sikker bruk av BankID

Klikk her for å lese meir
Eldre par går langs en grusvei. Foto

Ikkje bli «finansministar» til nokon du er glad i, bli heller disponent.

BankID er privat og skal ikkje delast med andre.

Klikk her for å lese meir

Dette lurer mange på om BankID

Kva er BankID?

BankID er legitimasjon din på nett. Ved personleg oppmøte brukar du pass for å legitimere deg.  På nett brukar du elektronisk legitimasjon til identifisering og signering.  BankID gir deg ein trygg, sikker og enkel elektronisk ID som kan brukast til mellom anna innlogging i nettbanken og mange andre offentlege aktørar.

Les meir om BankID her og på BankID sine nettsider her.

Korleis får eg BankID?

Har du nettbank med kodebrikke frå før så kan du enkelt bestille BankID sjølv.

Logg deg inn i nettbanken din, vel BankID i hovudmeny og trykk «Bestill BankID».

Bestilling av BankID krev på førehand at:

  • Du har legitimert deg med pass i banken.
  • Du står som kontoeigar på minimum ein konto i banken.

Ta kontakt med oss om du treng hjelp med oppretting av BankID.

Eg har gløymt BankID-passordet, kva gjer eg?
  • Du kan opprette nytt passord sjølv ved å:
    • Gå til innlogging i nettbanken, velje BankID som metode og trykke på «Gløymt passord».
    • Identifiser deg via kontrollspørsmål eller BankID på Mobil
    • Opprett nytt personleg passord.
Korleis sperrar eg min BankID?

Har du mistanke om at passord, kodebrikke og/eller telefon med BankID på mobil eller BankID-app er på avvege, skal BankID sperrast så snart som råd.

Les meir her om sperre kort, BankID og andre tenester.

Kan barn eller ungdom få BankID?

Me tilbyr BankID også for kundar mellom 13 og 18 år.

For å få BankID må foreldre/verge godkjenne bestillinga.

Ta kontakt med vårt kundesenter for å komme i gang

Kan eg kaste kodebrikka når eg har BankID-app?

Nei, i enkelte tilfeller kan du få bruk for kodebrikka, så ta godt vare på den!

Skal du til dømes laste ned BankID-appen på ein ny telefon, må du ofte også logge inn med BankID og kodebrikke for å aktivere appen på nytt. 

Korleis veit eg om eg har BankID?

Sjekk om du har avtale om BankID:

  • Logg inn i nettbanken din, gå i hovudmeny og vel BankID. Her vil det stå om du har ei aktiv BankID-avtale.

Merk at ei kodebrikke til nettbanken er ikkje det same som BankID. Ei avtale om BankID må du bestille i tillegg til avtale om nettbank.

Ein BankID har fleire bruksområder enn innlogging til nettbank. Du kan også nytte den til å logge deg inn i offentlege portalar. I tillegg kan du signere avtalar elektronisk.

Er det trygt å bruke BankID?

Ja, det er veldig sikkert å bruke to-faktor autentisering med BankID. Du må holde passord, pin-kode og kodebrikke hemmeleg for alle.

Les også våre 3 råd til sikker bruk av BankID.

Kva vil det koste meg å bruke BankID?

Å bruke vanleg BankID med kodebrikke eller app er heilt gratis.

Nokre teleoperatører tek betalt for BankID på mobil, fordi denne tenesta er knytt til SIM-kortet på mobilen din.

Kva gjer eg dersom andre har fått tak i passordet eller kodebrikka mi?

Har du mistanke om at passord eller kodebrikke er på avvege, skal BankID sperrast.

Les meir her om sperre kort, BankID og andre tenester.

Korleis endrar eg BankID-passordet mitt?

Når du brukar BankID kan du endre passordet ditt i ein innloggingsprosess.

Når du har valgt BankID som metode for innlogging, trykk på «MENY» i øvre høgre hjørne og vel «Endre Passord». Du vil så bli bedt om å legge inn fødselsnummer, sikkerheitskode og eksisterande passord. Deretter kan du lage ditt nye personlege BankID-passord.

Kan eg ha fleire BankID-ar?

Du kan få ein BankID frå alle bankar du har eit kundeforhold til. Men ein og same BankID kan brukast på tvers av bankane og andre brukarstadar, så i utgangspunktet treng du kun èin BankID.

BankID-appen er også veldig grei å laste ned og ta i bruk, men merk deg at denne kan kun aktiverast med ein av dine BankID’ar om gangen. Her finn du meir informasjon om BankID-appen.

Kva er eSignering? og korleis brukar eg det?

Signering er elektronisk signering av avtalar, kan brukast med BankID og BankID på mobil.

Innlogging:
– Vel eSignering under Logg inn
– fødselsnummer
– Klikk på Identifisering
– Vel aktuell metode
– Føl instruksjonane vidare

NB: Ved bruk av BankID på mobil – føl instruksjonane på mobilen.

Ver merksam på at det personlege passordet du får beskjed om å tasta inn er det du brukar på din vanlege BankID.

Treng eg BankID for å bruke Vipps?

Ja. For at Vipps skal kunne vite at du er deg, blir du spurt ved oppstart og ellers om å identifisere deg ved bruk av BankID.

Klikk her for å lese meir om BankID

What is BankID?

BankID is a personal and simple electronic proof of identity for secure identification and signing online.

For more information in english, please visit BankID.no

BANKID-policy

BankID policy

The Trust Service Provider Statement (TSPS) beskriv banken sitt offentlege nøkkelinfrastruktur for utferding av elektroniske identitetar (eID) til sluttbrukarar for BankID, BankID på mobil og Merchant. Viss du ynskjer å lese eit forenkla dokument, kan du sjå relevante avtalevilkår (PDS) for BankID og BankID på mobil.

Du finn meir informasjon og fleire ofte stilte spørsmål om BankID her.

Me ynskjer di tilbakemelding!