Gjer kvardagen enklare med mobilbank
Du kan sjekka saldo, overføra mellom eigne kontoar, betala rekningar og behandla eFaktura, medan du er på farten.
Ta gjerne ein titt på nettvett si side om sikrare mobilbruk
før du tek i bruk mobilbanken.
Sjå også sida vår: ofte stilte spørsmål – mobilbank
Pålogging er forenkla med bruk av 4-sifra kode eller fingeravtrykk.
Logg inn
Du loggar inn i mobilbanken med fingeravtrykk eller den personlege 4-sifra koden som du valde under aktiveringen.
Informasjonskort
Informasjonskorta øvst i mobilbanken gir deg varsel om nye eFaktura, tips og anna relevant informasjon. Du kan sjå igjennom korta ved å dra korta til høgre eller venstre. Du kan slette kort ved å trykke på X øvst i høgre hjørnet på kortet. Kort du har sletta kan ikkje gjenopprettast.
Menyar
Mobilbanken inneheld 2 menyar.
- Hovudmeny
- Funksjonsmeny
Hovudmenyen finn du øvst i venstre hjørnet. Her har du tilgang til dei fleste tenestene i mobilbanken.
Funksjonsmenyen får du opp ved å trykka på ein av kontoane i kontolista, og du får opp val knytta til kontoen, som Betal rekning, Overføring mm.
Gå til nettbank
Ved å velja «Gå til nettbank» frå hovudmenyen, får du tilgang til same funksjonalitet og meny som i nettbanken. Enkelte sider i nettbanken er ikkje tilpassa mobilen enno, det vert jobba med forbetring.
Når du har lasta ned og installert appen, må du identifisera deg.
Det er inntil 4 måtar å identifisera seg på:
BankID på mobil
- For deg som er over 18 år og har BankID på mobil. BankID på mobil ordnar du sjølv i nettbanken.
BankID
- For deg som er over 18 år og har BankID.
- BankID ordnar du sjølv i nettbanken.
Passord og eingangskode
- For deg som har nettbankavtale og kodebrikke frå banken.
- Frå fylte 15 år kan du sjølv inngå avtale med banken om nettbank
Kode på SMS
- For deg under 18 år som ikkje har nettbankavtale med kodebrikke.
- Du får tilgang til begrensa meny i mobilbanken.
Under aktiveringen vel du ein 4-sifra kode. Me anbefaler at du lagar ein annan kode enn den du brukar for å låsa opp telefonen. Koden vert nytta til pålogging og til signering. Støttar telefonen din lesing av fingeravtrykk, kan du nytta fingeravtrykk til innlogging og signering.