Gå til sideinnhold

Vipps

Vipps-logo. App for mobilbetaling enten frå konto eller kort. Illustrasjon

Vipps er Norges mest brukte betalingsapp. Du kan sende og motta pengar med alle som har Vipps, uansett kva bank mottakaren har. 

Send og be om pengar

Med Vipps er det enkelt å sende pengar eller be om pengar.

Del utgifter

Du kan enkelt fordele utgifter på fleire og få igjen pengar du legg ut for andre.

Betal rekningar

Betal rekningar du får i posten eller på nett. I tillegg kan du betale med Vipps i butikkar og i appar.

Kom i gang med Vipps

  • For å opprette Vipps treng du BankID, eit norsk betalingskort og konto i ein norsk bank.
  • Du må òg ha norsk fødselsnummer, norsk mobilnummer, e-post og folkeregistrert adresse.
  • Når du har lasta ned og installert Vipps-appen til din telefon, enten Android- eller iOS-versjonen, så trykker du «registrer deg» og føl stega vidare i appen.
  • Du legg inn bankkort og kontonummer som betalingsmåte, du kan også legge til fleire bankkontoar og kredittkort om du ynskjer. Etterpå kan du sende og motta pengar med alle som har Vipps, uansett kva bank dykk har.
  • Det kostar ingenting å vippse pengar til vener så lenge beløpet er 5000 kr eller mindre. Skal du vippse 5001 kr eller meir til same person i løpet av 24 timar, må du betale 1 % av beløpet i gebyr. Skal du vippse pengar til lag, foreiningar og bedrifter vil dette vere gratis uansett beløp.

Vipps for dei under 15 år

  • Vipps for dei under 15 år er ein enklare versjon av Vipps, der foreldrene har full oversikt.
  • Barn kan ikkje opprette Vipps utan hjelp frå foreldre.
  • Merk at barnet ditt må ha avtale om nettbank for å nytte seg av Vipps.

Klikk her for å lese meir om Vipps for dei under 15 år

Vipps for bedrifter, lag og organisasjonar

  • Vipps er perfekt enten du har ei større bedrift eller driv med eit lag eller ein organisasjon. 
  • Ta betalt på marknadar og andre arrangement med vippsnummer eller send rekningar via Vipps.

Klikk her for å lese meir om Vipps for bedrifter, lag og organisasjonar

Telefon på et bord som har Vipps framme, ørepropper og et glass vann står ved siden av. Foto

Problem med Vipps?

På Vipps sine nettsider kan du finne:

  • Ofte stilte spørsmål og svar
  • Fleire tenester frå Vipps
  • Telefonnummer til Vipps sitt kundesenter

Ofte stilte spørsmål om Vipps

Treng eg BankID for å bruke Vipps?

Ja. For at Vipps skal kunne vite at du er deg, blir du spurt ved oppstart og ellers om å identifisere deg ved bruk av BankID.

Klikk her for å lese meir om BankID

Pengane har ikkje komme fram i Vipps

Korleis du vippsar har noko å sei for kor lang tid det tek å motta pengane:

  • Har du vippsa frå bankkonto, får mottakar pengane med ein gang.
  • Har du vippsa frå betalingskort, kan det ta tre virkedagar før mottakaren får pengane.
  • Har du bytta bank, men gløymt å bytte mottakskonto i Vipps så kan pengene vere overført til den gamle kontoen din. 
Endre mottakskonto i Vipps

Mottakskonto

Viss du ynskjer å få pengane som blir vippsa til deg inn på ein ny konto i banken din, så må du hugse å bytte mottakskonto i Vipps.

  1. Vel profil
  2. Vel Kontoer og kort
  3. Vel mottakskonto
  4. Legg til den nye kontoen din 11-siffer
  5. Vel Lagre
Korleis legg eg til nytt kort i Vipps?

Slik går du fram for å legge til kort:

  1. Vel Profil
  2. Vel Konto og kort
  3. Vel Legg til kort
  4. Fyll inn kortnummer, utløpsdato og CVC (I signaturfeltet bak på kortet ditt står det ei tallrekke. Dei tre siste tala i denne rekka er CVC-koden)
  5. Vel Legg til/Registrer.

Dersom kortet ditt er utløpt, så kan du erstatte det med det nye kortet du har fått tilsendt.

Du kan gje både kort og konti eigne namn slik at du lettare kan hugse kva kort eller konto du vil bruke når du vippsar.

Hugs at betalingskortet ditt er personleg, derfor er det kun lov å legge til kort du eig sjølv i Vipps.

Korleis erstattar eg eit utløpt kort?

Dersom kortet ditt er utløpt og du ynskjer å bytte ut det gamle med det nye kortet, gjerast det på følgjande måte.

  1. Vel Profil
  2. Vel Konto og kort
  3. Vel kortet som skal erstattes
  4. Vel Erstatt kort
  5. Fyll inn kontonummer eller kortnummer, utløpsdato og CVC (I signaturfeltet bak på kortet ditt står det ei tallrekke. Dei tre siste tala i denne rekka er CVC-koden) til det nye kortet
  6. Vel Registrer

Hugs at dersom du har faste betalingar knytt til det utløpte kortet, så må du legge til nytt kort, og flytte over dei faste betalingane før du kan slette det gamle kortet.

Du kan gje både kort og konto eigne namn slik at du lettare kan hugse kva kort eller konto du vil bruke når du vippsar.

Kva skjer om eg vippsar til nokon som ikkje har Vipps?

Du kan ikkje sende pengar til ein person som ikkje har Vipps. Du får beskjed i appen at det ikkje er mogleg å fullføre transaksjonen dersom du prøver å sende til eit nummer som ikkje er registrert i Vipps.

Kan fleire personar bruke same Vipps-konto?

Vipps er personleg, og to personar kan ikkje vere tilknytt same profil.

Me ynskjer di tilbakemelding!