Me hjelper deg å finna rett finansieringsløysing basert på verksemda sin storleik og behov
Næringslån
Nedbetalingslån som passar for større og mindre investeringar i eigedom, maskiner og produksjonsutstyr.
Trygd for lånet vil vanlegvis vera knytt til investeringsobjektet.
Kan også brukast ved kortsiktige finansieringsbehov, der kassekreditt ikkje er eigna. Vilkår er avhengig av betalingsevna til bedrifta, samt verdi av pantet som kan stillast.
Kassekreditt
Kreditt knytt til firmakontoen.
Det betyr at bedrifta kan «overtrekka» kontoen inntil ei avtalt kredittramme. Kreditten gir bedrifta betre likviditet, fordi rekningar kan betalast før salsinntektene kjem inn. Kassekreditten skal brukast til finansiering av omløpsmidlar, til dømes varelager og fordringar. Ved behov for meir langsiktig finansiering, er nedbetalingslån best egna.
Driftskreditt
Banken er med i samvirke- og privatordninga for driftskreditt til landbruket. Kreditten er finansiering av driftskapital i form av løpande utgifter og dagleg drift.
Direkte overføring av oppgjer frå produsent
Driftskreditt er knytt til produsentoppgjer frå lag og bedrifter. Me gir kreditt, og oppgjer frå dei som er med i ordninga, blir overført direkte til gardbrukaren sin Landbrukskonto.
Kredittgrensa styrt av leveransen
Grunnlaget for kreditten er dei samla årlege oppgjera, medrekna meirverdiavgift.
Etterskotsvis rente
Ved driftskreditt blir renta rekna av det beløpet som til eikvar tid er trekt på konto. Rentene blir belasta etterskotsvis kvart kvartal.
Byggelån
Fungerer som ein kreditt du kan trekka på undervegs i eit byggeprosjekt.
Når bygget står ferdig, vil byggelånet bli erstatta med eit vanleg nedbetalingslån med pant i eigedommen.
Bankgaranti
Ein bankgaranti er eit bindande løfte frå banken om å utbetala eit bestemt beløp til ein tredjeperson, dersom banken sin kunde ikkje oppfyller forpliktingane sine i høve garantiteksten.
Me tilbyr låne-, betalings- og kontraktsgarantiar i både norske kroner og anna valuta.
Leasing
Leasing er ei fleksibel form for finansiering og eit godt alternativ til lån. Me tilbyr leasing gjennom Brage Finans.
Brage Finans er eit frittståande finansieringsselskap eigd av ti sparebankar, mellom dei Luster Sparebank.
Med leasing gjennom Brage Finans kan bedrifta di disponera ressursane endå smartare ved at me kjøper og eig utstyret bedrifta di treng, medan de leiger det til avtalt månadspris over eit avtalt tidsrom, normalt 3 til 7 år.
Brage Finans tilbyr finansieringsløysingar for små og mellomstore bedrifter.