Er du misfornøgd eller ueinig med oss?
Me vil helst ha nøgde kundar, og vil setja pris på at du kontaktar oss dersom det er noko du ikkje er nøgd med!
Ta først kontakt med Kundesenteret
Det viser seg ofte at ein telefonsamtale er alt som skal til for å gje svar på spørsmåla dine og oppklara eventuelle misforståingar. Ring banken på telefon 57 68 27 00.
Hvis kontakten med Kundesenteret likevel ikkje skulle føra fram, kan du senda ein skriftleg klage der du grunngjev standpunktet ditt. Klagen kan sendast som brev til Luster Sparebank, Øyagata 2, 6868 Gaupne eller som e-post til [email protected]
Du kan også bruka skjemaet for klage som du finn lengst ned på denne sida.
Me vil gjerne hjelpa deg!
Finansklagenemnda
Dersom me ikkje vert einige, kan du senda saka vidare til Finansklagenemnda som er bransjen sitt uavhengige klageorgan.
Finansklagenemnda
Postboks 56, Skøyen
0212 Oslo
Tlf: 23 13 19 60