Har du funne draumebilen eller leiligheita og vil sjå på den med det same? Med ditt løyve på SMS kan me henta inn alle opplysningane me treng for å handsama lånesøknaden din og gje deg svar innan ein time i opningstida. Greit å vita om du må bestemma deg raskt.
Med mindre du kjøper hus og leilegheiter til dagleg kan det henda du vil snakka med nokon om ting du lurer på framfor ei slik stor avgjerd. Til dømes:
- Korleis fungerer ein bodrunde?
- Treng eg finansieringsbevis?
- Kva bodstrategiar kan eg bruka?
- Bør eg selja før eg kjøper nytt?
- Kor mykje kan eg låna?
- Kor mykje eigenkapital treng eg?
Ein av rådgjevarane våre tek gjerne ein prat med deg på telefonen før du hoppar ut i det. Med ei personleg og fagleg vurdering er det lettare for deg å gjera trygge val som gjev deg handlerom i kvardagen.
Ring oss på 57 68 27 00 eller send inn skjemaet nedanfor, så ringjer me deg tilbake når det passar best på dag- eller kveldstid.
Få gratis billett til Lustrabadet!
Nett no får du til og med ein gratis billett til Lustrabadet dersom du oppgjev referansen «NY KUNDE» og snakkar med oss om eitt av desse emna:
- Bustadlån / billån
- Refinansiering
- Sparing
- Økonomisk rådgjeving
- Forsikring
eller du sender inn skjemaet under:
Rask og personleg sognabank
Luster Sparebank er ein heilt fri og uavhengig «sognabank» der alle avgjerder blir tekne lokalt utan omvegar. Me vil aktivt hjelpa deg som ønskjer å skapa det gode liv her og bidra til eit sterkt lokalsamfunn i Sogn.
Me trur at den beste hjelpa me kan gje deg er fagleg funderte svar, raskt og personleg. Velkomen som kunde i Luster Sparebank – EKTA SOGNABANK.
Bli kunde på 5 minutt med bankID