Slik kan du spare til pensjon og utsetje skatt
Individuell pensjonssparing (IPS) er ei ny form for pensjonssparing som gir fleire fordeler. Med IPS kan du spare opptil 40.000 kroner i året, og få ei skatteutsetjing på opptil 8.800 kroner. Du slepp å skatte for pengane før du tek dei ut som pensjon, og slik får du avkastning på pengar som elles skulle ha vore innbetalt i skatt.
Med IPS slepp du formuesskatt på det oppsparte beløpet, og det er ingen skatt på avkastning i spareperioden.
Pengane kan du byrje å ta ut når du fyller 62 år, som anna pensjon. Du betaler p.t. kun 22 % skatt ved utbetaling.
6 fordelar med individuell pensjonssparing:
Spar opptil 40.000 kroner i året
Opptil 8.800 kroner i årleg skattefrådrag (p.t. 22 % av årets sparebeløp)
Ingen formuesskatt på oppspart beløp og ingen skatt på avkastning i spareperioden
Skatt som alminneleg inntekt ved uttak (22 % i 2021)
Sparebeløpet kan justerast undervegs
Du vel sjølv spareprofil og fordeling mellom renter og aksjar
Viktig å tenkja på
- Sparepengane kan tidlegast takast ut når du er 62 år
- Utbetalingstida er minimum 10 år, og utbetalingane skal vare til du er minst 80 år.
- Du kan spare i IPS frå du er 18 år til du er 75 år
- Aksjefond mistar skjermingsfrådraget.
- Du kan starte ein spareavtale, setje inn eit eingongsbeløp, eller ein kombinasjon av begge deler.
IPS-kalkulator
Har du spørsmål vil me gjerne hjelpa deg!
Ofte stilte spørsmål
Ja, sparepengane er låste. Set du pengene inn i IPS, må du vente med å ta ut pengane til du er 62 år. Utbetalingstida er minimum 10 år, og utbetalingane skal vare til du er minst 80 år.
Ved død skal pensjonskapitalen nyttast til barnepensjon. Viss du ikkje har barn, vil han gå til etterlatnepensjon til ektefelle, registrert partnar eller sambuar.
Pensjonskapital som ikke vert nytta til barnepensjon eller etterlatnepensjon, vert utbetalt som eit eingongsbeløp til dødsbuet.
Truleg vil det vere lønsamt å stoppa sparinga i «gamal» IPS-avtale (oppretta før 01.11.2017) og opprette ein ny med gunstigare skattereglar. Dersom du ynskjer det, kan du likevel vidareføre sparinga på eksisterande IPS-avtale med same skattereglar som tidlegare. Har du sparing i både gamal og ny IPS-ordning, kan summen av årleg sparing i desse to ikkje utgjere meir enn 40 000 kroner.
Reglane rundt skatt er ulike mellom gamal IPS-sparing og den nye IPS-ordninga. Det vil truleg ikkje vere mogleg å overføre midlar frå gamal IPS til den nye IPS-ordninga.