VIPPS
i linken nedanfor finn du svar på spørsmål om VIPPS
PSD2
PSD2, eller betalingstenestedirektivet er EUs direktiv som regulerar betalingstenester i EUs indre marknad. Som medlemsland i EØS omfattar dette også Noreg. Dette pålegg norske bankar å opna sine APIar. Føremålet med PSD2 er å skapa auka konkurranse og auka innovasjon innan banknæringa i EU og EØS området. PSD2 skal også styrka sikkerheita for nettbetalingar og tilgang til konto.
Du kan henta inn kontoar du har i andre bankar til Luster Sparebank sin mobilbank og nettbank. Her kan du sjekka saldo og sjå dei siste transaksjonane. Dermed får du full oversikt på ein plass. I løpet av september kjem og løysing for å utføra betaling frå innhenta kontoar.
Open banking refererar til moglegheita for at ein tredjepartsleverandør kan få tilgang til bankdata gjennom opne APIar. Med grunnlag i data kan eit føretak utvikla og levera nye applikasjonar og tenester. Som eit resultat av open banking vil kundar, uavhengig av kva bank dei er knytt til, få større valmoglegheiter når det gjeld val av applikasjonar og løysingar innan bank og finans.
Moglegheitene som PSD2 gir vert ofte nemnde som open banking.
Nettbank
Nettbank bestiller du ved å kontakta banken. Du får eige brukarnamn og me bestiller kodebrikke til deg. Kodebrikka blir send per post.
Når du har motteke kodebrikka kan du logga inn i Nettbanken. Ved pålogging første gong treng du eingongspassordet du fekk tilsendt på SMS eller e-post då du oppretta Nettbankavtalen. Når du tastar dette passordet, blir det opna eit nytt vindauge der du får beskjed om å laga eit personleg passord for vidare innlogging i Nettbanken.
Sjå spørsmåla nedanfor.
Du kan bruka dei ulike påloggingsmetodane om kvarandre forutsett at du har bestilt BankID og/eller BankID på mobil.
Dersom du ikkje har bestilt BankID skal du bruka «Utan BankID»
For å logga på nettbanken treng du:
- Brukarnamn – Fødselsnummer (11 siffer)
- Nettbank-passord
- Eingangskode frå kodebrikka
Ønskjer du å logga på med BankID treng du:
- Fødselsnummer
- Eingangskode frå kodebrikka eller BankID app (last ned frå App Store eller Google Play)
Her finn du meir informasjon om BankID app - BankID-passord
Det er ei forutsetning at du har bestilt BankID i nettbanken, eller har BankID frå annan bank.
Er det første gong du skal logga på med BankID, må du bruka eingangspassordet du mottok på e-post då du bestilte BankID.
For pålogging med BankID på mobil brukar du:
- Mobilnummer og fødselsdato
- ID-PIN, 4-8 siffer
ID-PIN er koden du sette då du bestilte BankID på mobil i nettbanken.
Det er ei forutsetning at du har bestilt BankID på mobil via nettbanken, eller har BankID på mobil frå annan bank før du kan velja dette som påloggingsalternativ.
Beløpsgrensa for betalingar i nettbank og mobilbank kan du sjølv endra i nettbanken under Meny – Innstillingar – Betalingsinnstillingar.
Kontakt banken via skjema eller ring oss på
57 68 27 00 viss du treng meir utvida grense enn du kan setja sjølv.
Alle norske Nettbankar opererer med bokført saldo og disponibel saldo. Når det går pengar ut og inn på konto blir ikkje den bokførte saldoen oppdatert umiddelbart.
For å vita kva du faktisk har på konto skal du difor alltid sjå på disponibel saldo .Viss du til dømes vil sjekka saldo på lønningsdagen, har du kanskje kr 3000,- på bokført saldo og kr 23.000,- på disponibel saldo. Då er det kr 23.000,- du kan bruka, utan fare for å overtrekka kontoen. Innan neste oppdatering vil innskotet vera med.
Det er ikkje alltid at den nye kontoen du disponerer automatisk blir knytta opp mot Nettbanken. I så fall må du sjølv kontakta banken for å gje beskjed.
Under Meny – Innstillingar – Kontoinnstillinger kan du velja kva kontoar som skal vera synlege i Nettbanken. Dei same kontoane vil også vera synlege i Mobilbanken.
Sperretjeneste Nettbank/ Nettbedrift-opningstider 24/7
Du har kanskje tasta for mange gonger feil passord eller brukt feil Nettbank-brikke. Kontakt banken via skjema eller ring oss på 57 68 27 00 så hjelper me deg.
Kontakt banken via skjema eller ring oss på 57 68 27 00 så bestiller me ny kodebrikke til deg.
Mobilbank
Mobilbankavtale opprettar du sjølv ved å laste ned banken sin App i Appstore eller GooglePlay.
Når du tek i bruk appen vel du sjølv 4-sifra kode eller fingeravtrykk/face-id for å identifisera deg.
Du må ha nettbankavtale hjå oss for å ta Mobilbank i bruk. Mobilnummeret ditt må også vera registrert i banken.
Har du ikkje nettbankavtale eller mobilnummer registrert må du ta kontakt med banken.
Ja, sikkerheit er alltid nummer 1 ved alle løysingane våre.
Det er likevel enkelte punkt som er verdt å merka seg:
- Bruk lås på telefonen
- Ha forskjellige kodar på telefon og mobilbank.
- Gje ikkje frå deg nokon av dei nemnde kodane.
- Bruk sporingsverktøy
- Ta sikkerheitskopi av telefonen
- Hald mobilen oppdatert.
På linken nedanfor finn du fleire aktuelle tips til sikker mobilbruk.
I MobilBanken kan du velja «Til konto» frå ei nedtrekksliste. Alle mottakarar du har lagt opp i nettbanken vil vera synlege. Ynskjer du å leggja opp fleire mottakarar kan det gjerast inne i nettbanken under Meny – Betaling og overføring – Mottakarregister. Der kan du også fjerna mottakarar.
Når du betalar til ny mottakar i Mobilbanken, kan du registrera ny betalingsmottakar.
BankID
BankID er din legitimasjon på nett. Ved personleg oppmøte brukar du pass for å legitimera deg. På nett brukar du elektronisk legitimasjon til identifisering og signering. BankID gir deg ein trygg, sikker og enkel elektronisk ID som kan brukast til mellom anna innlogging i Nettbanken.
Du kan lesa meir om BankID på Vipps sine sider
Logg deg inn i nettbanken din.
Bestilling av BankID krev vidare:
- at banken har registrert passet ditt. Bestilling kan ikkje gjennomførast viss pass ikkje er registrert i systemet.
- at du står som kontoeigar på minimum ein konto i banken.
Har du gløymt BankID-passordet ditt må du kontakta kundeservice i
banken på telefon 57 68 27 00. Frå utlandet ringer du +47 57 68 27 00
Har du mistanke om at passord eller kodebrikke er på avvege, skal BankID sperrast. Dette kan du gjera sjølv i nettbanken. Du kan og sperra
ved å ringja banken si sperreteneste på telefon (+47) 21 49 23 92.
Dette nummeret kan du også ringja om sperring av kort, sperring av BankID på Mobil samt sperring av kodebrikke til nettbank.
Når du brukar BankID kan du endra passordet ditt etter at du har lagt inn fødselsnummer, sikkerheitskode og passord i innloggingsprosessen. Etter å ha tasta inn passord, vil du få opp ein knapp under som heiter ENDRE PASSORD. Klikkar du på denne vil du enkelt kunne endra passordet ditt.
Du kan få ein BankID frå alle bankar du har eit kundeforhold til.
Men ein og same BankID kan brukast på tvers av bankane og andre brukarstadar, så i utgangspunktet treng du kun èin BankID.
Mange ønskjer i tillegg å ha BankID på mobil for å kunna logga på utan kodebrikke. Du aktiverer BankID på mobil i nettbanken din.
BankID app er også veldig grei å laste ned ta i bruk
Her finn du meir informasjon om BankID app
BankID på mobil
Logg inn i nettbanken din og aktiver BankID på mobil. Det tek berre nokre minuttar og BankID på mobil er klar til bruk med det same.
Du må i slike tilfelle ha kodebrikke eller BankID app for å logga deg inn i NettBanken.
Logg deg inn i NettBanken og klikk på «bestill BankID på mobil» på nytt. Valet finn du under «Meny» og vidare «BankID».
Ja, logg deg inn i NettBanken og bestill der.
BankID på mobil kan kun aktiverast i NettBanken.
Nei, i enkelte tilfelle kan du få bruk for kodebrikka, ta godt vare på den!
Ring kundesenteret vårt på telefon
57 68 27 00 i opningstida. Utanom opningstida kan du ringa bankens sperreteneste (+47) 21 49 23 92.
Du kan og logga deg inn i NettBanken og sperra BankID på mobil.
I tillegg bør du som normalt ringa teleoperatøren din og sperra SIM-kortet. Når eit SIM-kort er sperra vil BankID på mobil også automatisk bli sperra.
Får du feilmelding som seier at mobiltelefonen ikkje støttar BankID på mobil må du sjekka med mobiloperatøren din om du må ha nytt SIM-kort.
Viss dette er på plass, prøv følgjande:
- Restart telefonen og prøv ein gong til.
- Skru av tastelås eller sett denne på eit lenger tidsintervall. Prøv å bestilla på nytt.
- Sjekk om det ligg oppdateringar på telefonen og installer desse. Prøv å bestilla på nytt.
- Ta ut SIM-kortet på telefonen, sett det inn igjen og prøv å bestilla på nytt.
Det er i praksis det same som signering med BankID. Du kan signera enkle avtalar, dokument og kontraktar med BankID på mobil, og du kan signera når du handlar varer og tenester på nett.
Du brukar det same som når du loggar inn i nettbanken din; Først Mobilnummer og fødselsdato, og til slutt må du tasta inn ditt eige personlege passord. (det du valde då du starta med Bankid på mobil)
Sjå eige punkt om e-signering (kan brukast med både bankid og bankid på mobil)
Sjå fleire spørsmål og svar for BankID på mobil hjå BankID Norge.
BankID is a personal and simple electronic proof of identity for secure identification and signing online.
For more information www.bankid.no
eSignering - Signering av avtalar i nettbanken
eSignering er elektronisk signering av avtalar, kan brukast med BankID og BankID på mobil.
Innlogging:
– Vel eSignering under Logg inn
– fødselsnummer
– Klikk på Identifisering
– Vel aktuell metode
– Føl instruksjonane vidare
NB: Ved bruk av BankID på mobil – føl instruksjonane på mobilen.
Ver merksam på at det personlege passordet du får beskjed om å tasta inn er det du brukar på din vanlege BankID
Kort
Dersom du mister kortet ditt, må snarast sperra det.
Du kan sjølv sperra kortet i nettbanken eller i mobilbanken.
Alternativt kan du ringja
(+47) 21 49 23 92
for å sperra det.
Dette nummeret gjeld også sperring av BankID og BankID på Mobil og sperring av kodebrikke for nettbank.
I banken si opningstid kan du også ringja (+47) 57 68 27 00.
Du kan finna PIN-koden din ved å logga deg inn i nettbanken.
- På bankkortet finn du informasjonen du treng for å henta ut PIN-koden.
- Logg inn i nettbanken. Klikk på «Meny» og vidare «Kort» og «Hente Pin»
- Vel kort og tast inn CVV2 og utløpsdato. CVV2 er dei tre siste sifra i talet som står oppgjeve i signaturfeltet på baksida av kortet.
Denne tenesta er gebyrfri første gongen du hentar PIN-kode. Ved bruk av tenesta ved seinare høve, sjå prisliste.
Det kan vera fleire årsaker til at kortet ikkje fungerer tilfredstillande. Bruk av feil PIN-kode, skade på magnetstripe/chip og liknande.
Ta kontakt med banken på telefon 57 68 27 00 eller send e-post.
Kortsvindelen aukar og vert stadig meir global. Kortet vert brukt til dømes i Europa, medan svindelen skjer frå heilt andre stadar i verda.
For å redusera risikoen for kortsvindel, gjer vi det mogleg for deg å sperra korta dine for bruk i minibankar og kortterminalar i dei delar av verda du ikkje oppheld deg. Har du ikkje planar om å reisa til til dømes Amerika eller Asia, kan du sperra kortet ditt for bruk i desse regionane. Sperringa opphevar du like enkelt.
Ved å ta i bruk tenesta er du med på å hindra kortsvindel.
Administrerast i nettbanken eller i Mobilbanken.
Løysninga er enkel å bruka. Etter at du har logga på nettbanken, vel du «Meny» og vidare «Kort» og så «Regionsperre». Her kryssar du av for om ein region skal vere gyldig / ikkje gyldig. I Mobilbanken finn du Regionsperre under «Meir» og vidare «Fleire tenester»
Sperringa eller opphevinga trer i kraft umiddelbart etter at du har registrert den. Har du gløymt å fjerna regionsperra før du reiser, kan du logga deg på nettbanken eller Mobilbanken der du er eller ringja oss i opningstida på telefon +47 57 68 27 00.
NB! Du kan handla med kortet ditt på nettet uavhengig av regionsperra.
Ja, men du må beskytta datamaskina di og sjekka nettbutikken godt før du handlar. Dette bør du gjera:
- Bruka antivirus-, antispionprogram og brannmur på datamaskina di
- Ikkje legg igjen konto-, kort- eller personopplysningar i nettbutikker du er usikker på
- Handla i kjende og seriøse nettbutikkar, og i nettbutikkar som har løysningar for å betala som Verified by Visa og MasterCard SecureCode.
CVV2 / CVC2 er dei tre siste sifra i talet som står oppgjeve i signaturfeltet på baksida av kortet.
Når du handlar med Visakort eller MasterCard på nett vil du bli spurd om kortnummer, utløpsdato og svært ofte CVV2-/CVC2-kode.
Avtalegiro
Med avtalegiro inngår du ein avtale med bedrifta du handlar med at rekningane skal trekkast automatisk frå kontoen din på forfallsdato. Du kan sjølv velja om du vil ha varsel i posten eller ikkje.
Ta gjerne ein titt på NETS si side om AVTALEGIRO
- I Nettbanken – Når du betalar ei rekning til ei bedrift som tilbyr betaling med AvtaleGiro, vil det under «Betalingsavtalar» og vidare «Opprette Avtalegiro og eFaktura» komma forslag til avtalar. Ved å akseptera tilbodet blir avtalen oppretta. . Det kan ta litt tid før avtalen trer i kraft og rekningar du mottek i posten i mellomtida må betalast som vanleg.
På denne sida kan du også søke på tilgjengelege betalingsmottakarar. - På bedrifta si nettside – Fleire av bedriftene som tilbyr betaling med AvtaleGiro har tilrettelagt for at du skal kunne oppretta AvtaleGiro på deira egine nettsider. Gå inn på nettsiden, finn fram til AvtaleGiro og opprett avtale med BankID.
- Tilbod i posten– Du kan oppleva at bedrifter du betalar rekningar til, sender deg tilbod om AvtaleGiro i posten. Fyll ut svarkupongen og send den i retur.
- Kontakt banken – Kontakt kundeservice i banken eller kom innom banken for å oppretta ein avtale.
Beløpsgrense er maksimumsbeløpet du tillet å bli trekt frå din konto med AvtaleGiro til den spesifikke mottakaren.
Betalingar som overstig denne beløpsgrensa vil bli stoppa. Du vil sjå det under ¨Viktige meldingar¨ når du loggar inn i nettbanken.
Tips! Det kan vera lurt å setja denne beløpsgrensa høgare enn normalt fakturabeløp, dersom du opplever at rekningane blir stoppa og at du får purringar .
Beløpsgrensa kan du sjølv endra i nettbanken:
- Vel «Meny»
- «Betalingsavtalar» (2 gonger)
- Når du har funne rett AvtaleGiro, vel blyantikonet. Her kan du bestemma maksbeløp per månad og per transaksjon
Du kan sjølv velja om du ønskjer varsel i forkant av betalinga når du opprettar AvtaleGiro.
Ja, slik stoppar du ei betaling:
- Vel ¨»Meny»
- «Betalingsavtalar» under «Betalingsavtalar»
- Klikk på X for å stoppa betaling.
For å avslutta AvtaleGiro-avtalen i nettbanken vel:
- ¨Betaling/overføring¨
- ¨Betalingsavtaler¨
- Vel søppelbøtte-ikonet for å sletta avtalen. Mottakar får melding via Nets om at avtalen er opphøyrt.
Når ein avtale om AvtaleGiro blir sletta vil og tilhøyrande forfall i forfallsregistrert bli sletta.
Hjå dei fleste bedrifter kan du unngå fakturagebyr på AvtaleGiro ved å velja at du ikkje skal få tilsendt varsel om trekk i forkant av trekket. Hugs at du uansett vil kunna sjekka at rekningane er betalt i nettbanken eller på kontoutskrifta di. Det finns likevel bedrifter der du ikkje kan velja at du ikkje ønskjer varsel. I desse tilfella er det kun ved bruk av eFaktura at du kan sleppa fakturagebyr.
Sjølv om det varierer frå bedrift til bedrift pleier me å seia at det alltid tek minst ein månad før AvtaleGiro trer i kraft. Du må dirfor betala rekningane så lenge du får dei i posten. Men spør oss gjerne om å sjekka status på avtalen om du tykkjer det tek for lang tid.
eFaktura
Har du sett opp ein eFaktura-avtale vil du få den aktuelle rekninga ferdig utfylt i nettbanken din. Alt du treng å gjera er å logga inn og godkjenna. Denne typen avtale passar for deg som likar å ha full oversikt over rekningane og som ønskjer å sleppa fakturagebyr som ofte
føl med vanlege giroar.
I Nettbanken – Når du betaler ei rekning til ei bedrift som tilbyr eFaktura, vil du i nettbanken bli spurt om du ønskjer å inngå ein eFaktura-avtale. Du vil også under «Meny» og vidare «Opprette Avtalegiro og eFaktura» under «Betalingsavtalar» kunna inngå eFaktura-avtale med bedrifter du har betalt til tidlegare eller
søka opp aktuelle firma ved å klikka på «Søk tilbydarar» nedst til høgre.
- Klikk på haken for å sjå detaljar/inngå avtale.
- Vel ¨Inngå avtale¨ etter nødvendig informasjon er lagt inn. Du vil no finna den nye avtalen under ¨Betalingsavtaler¨ , med status som innmeldt. Neste rekning vil då sendast elektronisk rett til nettbanken i staden for i posten.
Ein eFaktura-avtale vert knytt opp mot deg som person og ikkje banken din. Derfor visast den i alle nettbankane du er kunde. Du vel sjølv i kva nettbank du vil betala rekninga, og etter betaling vert rekninga lagra i den nettbanken du brukte.
Ja, du kan endra beløp, forfallsdato og kva konto som skal belastast.
Når du inngår avtale om eFaktura får du spørsmål om du vil ha melding via e-post når rekningen vert send til nettbanken din. I tillegg vil det visa varsel i Nettbanken og i Mobilbanken
Nei. Dersom du kun har eFaktura hjå ein mottakar, må du sjølv godkjenna betalinga i Nettbanken eller i Mobilbanken.
Du finn eFaktura-referanse på forrige tilsende papirrekning frå mottakar.
BankAxess
Avtale om BankAxess opprettar du sjølv i nettbanken din under menyvalet «BankID» og «Opprett/sjå avtalar». For å kunna bruka BankAxess må du i tillegg ha BankID i Luster Sparebank. Dersom du ikkje har BankID frå før, kan du først bestilla BankID, og deretter inngå avtale om BankAxess.
Etter å ha valt BankAxess som betalingsmåte i nettbutikken du handlar i, identifiserer du deg med BankID ved å taste inn personnummeret ditt. Du vil deretter få opp eit BankID-skjermbilete som du ser eksempel på nedanfor. Her kontrollerer du at beløp og andre opplysningar stemmer, før du signerer betalinga ved å tasta inn sikkerheitskode frå kodebrikka di og det personlege BankID-passordet ditt.
Betaling med BankAxess kan gjennomførast på to ulike måtar – anten som direkte betaling eller som forseinka betaling. Ved direkte betaling skjer betalinga på bestillingstidspunktet, og beløpet vert belasta kontoen din umiddelbart. Ved forseinka betaling vert betalinga utført først når nettbutikken sender / leverer vara eller tenesta. I begge tilfella må det vera dekning på konto på betalingstidspunktet for å bli godkjend.
Nei. Du kan berre ha ein BankAxess-avtale, og denne kan berre vera knytt til ein konto om gongen. Kontoen må vere ein brukskonto. Dersom du ønskjer å endra kontoen som er knytt til BankAxess-avtalen din, kan du gjera dette sjølv i nettbanken din.
BankAxess kan du nytta i alle norske nettbutikkar som tilbyr BankAxess som betalingsmåte. Føresetnaden er at du har inngått BankAxess-avtale som nemnt ovanfor.
Alle nettbutikkar som tilbyr BankAxess som betalingsmåte, skal nytta korrekt logo eller merkenamnet BankAxess på sine nettsider. Dette for at du skal vera sikker på at du nyttar ei trygg løysing.
Logoen til BankAxess ser slik ut:
Utanlandsbetaling
IBAN står for International Bank Account Number, og er ein internasjonal standard for bankkontonummer. Innanfor for EU og EØS-området må IBAN brukast ved betaling til og frå utlandet.
Ved hjelp av IBAN-kalkulator kan du finna IBAN-kontonummeret til aktuell konto.
IBAN-kontonummer finn du også på kontoutskrifta di.
Ordinære betalingar innanfor EU / EØS-området tek normalt frå 2 til 4 bankdagar. Ordinære betalingar til resten av verda tek normalt frå 2 til 8 bankdagar.
Hastebetaling innanfor EU / EØS-området tek normalt frå 0 til 2 bankdagar. Hastebetaling til resten av verda tek normalt frå 2 til 8 bankdagar.
Til enkelte land kan det ta inntil 15 dagar eller meir før betalinga er framme.
Ta kontakt med oss dersom du har spørsmål om betaling til utlandet.
Klagehandsaming
Ta først kontakt med Kundesenteret på telefon 57 68 27 00. Det viser seg ofte at ein telefonsamtale er alt som skal til for å gje svar på spørsmåla dine og oppklara eventuelle misforståingar.
Meir informasjon finn du ved å klikka på linken nedanfor.
Personvern i Luster Sparebank
Me i Luster Sparebank har teieplikt, og me sørgjer for at personopplysingane dine vert behandla på ein sikker måte i samsvar med personopplysingslova og EU si personvernforordning General Data Protection Regulation (GDPR). Her kan du lesa meir om korleis me behandlar personopplysningar.
.