Straksbetaling
Med straksbetaling kjem pengane umiddelbart til mottakars konto, sjølv om du og mottakar ikkje har same bank.
Enkelt
Tilgjengeleg i nettbank og mobilbank
Raskt
Du treng kun å huke av for straksbetaling for å nytte tenesta
Pengar inn umiddelbart
Pengane kjem rett inn på konto til mottakar
Om straksbetaling
Straksbetaling er ei betalingsteneste der pengane kjem inn på mottakars konto straks betalinga er gjennomført.
- Beløp opp til kr. 500 000,-
- Straksbetaling fungerer også i helgar og heilagdagar
- Merk at mottakarbank må ha opna opp for mottak av straksbetaling
- Straksbetaling kan utførast ved betaling med melding, men ikkje med KID-nummer
- Ved større beløp er dette eit godt alternativ til Vipps
Kjøper du til dømes ein bruktbil eller ein båt, kan mottakar få pengane inn på sin konto med ein gang. Det kan vere betryggande for både kjøpar og seljar å sjå at pengane kjem inn på konto.
Ei vanleg betaling i mobilbank eller nettbank vil normalt på kvardagar gå til fem faste tidspunkt. Med straksbetaling vil du betale umiddelbart og pengane kjem inn på mottakars konto der og då.
Slik gjennomfører du ei straksbetaling
- Logg inn i nettbanken din og gå til betale
- Skriv inn kven som skal motta pengane som vanleg
- Dersom mottakar sin bank kan ta imot straksbetaling, vil boksen nedanfor for straksbetaling dukke opp
- Set hake i ruta for å nytte straksbetaling
- Fyll inn resterande informasjon om betalinga og stadfest betalinga
- Mottakar disponerer pengane umiddelbart på sin konto
Tips!
Skal du kjøpe bil, campingvogn eller liknande?
Pass på at betalinga di ikkje overskrid beløpsgrensene dine i nettbank/mobilbank.
Ofte stilte spørsmål
Når skjer overføring av pengar mellom kontoar?
Avrekningstidspunkt
Betalingar mellom kontoar i same bank skjer straks.
Nyttar du Straksbetaling i nettbanken vil også betalingen gå med ein gong.
Betaling til konto i annan bank:
Det er innført fem daglege oppgjer, frå måndag til fredag, for betalingstransaksjonar innland, gjeldande for både Nettbank og Mobilbank. Dette betyr at betalingar går fleire gonger dagleg. Mottakaren kan tilsvarande få pengane raskare inn på konto.
Betalingar må vera registrerte før følgjande tidspunkt:
- kl 06:30
- kl 09:30
- kl 11:30
- kl 13:30
- kl 15:30