Kundeval 2021
Kundevalmøte 11. februar 2021
I samsvar med kap. 8 i lov om finansforetak og vedtektene for Luster Sparebank, skal det vere representantar frå kundane i generalforsamlinga.
Valmøte vert halde: Torsdag 11. februar 2021 kl.17:00
i banksalen Gaupne
Om smittesituasjonen krev det, vert det digital løysing og ikkje fysisk oppmøte.
Det vil bli orientert om vedtektene for banken og litt om den daglege drifta.
Det er 6 kundevalde medlemer og av dei er 1 på val i år. Av dei 3 varamedlemene er ingen på val i år.
Kundar med stemmerett kan komme med framlegg til kandidat til medlem av generalforsamlinga. Framlegg til kandidat må vere banken i hende innan 31.januar 2021.
Valkomiteen vil komme med sitt framlegg i møtet.
Etter møtet vert det enkel servering.
Svein Ove Slinde
Styreleiar
Om kundevalet
- Luster Sparebank sine myndige kundar og som har, eller i dei siste 6 månadane har hatt innskot på minst kr 2.500,- har stemmerett ved val av kundane sine medlemmer til sparebanken si generalforsamling. Kvart kundeforhold gir ei stemme når noko anna ikkje følgjer av lova eller vedtektene.
- Luster Sparebank sine kundar kan veljast som medlem eller varamedlem til sparebanken si generalforsamling som representant for kundane.
- Vedtektene for banken er tilgjengelege i banken og på banken si heimeside.
- Valet vert førebudd av ein valkomitè som tek imot framlegg frå kundane. Valkomiteen er samansett slik:
Ivar Kvalen – leiar
Olav Døsen
Anne Lise Haukadal
Andreas Fristad Hop
Medlemer og varamedlemer i generalforsamlinga per 31.12.2020 og oversikt over kundevalde representantar med funksjonstid og valperiode finn du på heimesida vår og i banken.