Strengare reglar for betaling med kort på nett
Frå 1. januar vert det strengare reglar for betaling med kort på nett, då det vert innført krav om sterk kundeautentisering (SKA).
Dette vil gjelde både i tradisjonelle nettbutikkar og ved betaling via appar.
Kva betyr dette for deg?
Som kortinnehavar skal du kunne identifisere deg ved hjelp av to av dei tre følgjande elementa:
- Noko du har (til dømes telefon eller nettbrett)
- Noko du er (til dømes ansiktsgjenkjenning eller fingeravtrykk)
- Noko du veit (til dømes PIN eller passord)
Dei fleste av oss er godt vande med bruk av BankID signering, både i samband med pålogging til offentlege tenester, signeringstenester og i samband med banktenester, herunder pålogging og stadfesting av kjøp i nettbutikkar. BankID tilfredsstiller kravet om sterk kundeautentisering (telefon + PIN/passord).
I praksis betyr det at du oftare enn før må bruke BankID eller nettbankpassord og kode ved betaling.
Nettbutikkane må òg tilfredsstille dei tekniske krava for å gjennomføre salet. Dersom brukarstaden (nettbutikk/app) ikkje oppfyller krava, kan betalingar bli avvist.
Kva kan du gjere?
Dersom du skal handle på nett, må du sørge for å ha tilgang til BankID.