Sjekk gjeldsopplysningane dine
Gjeldsregisteret, som nyleg vart teke i bruk, skal bidra til at finansinstitusjonar får eit betre avgjerdsgrunnlag når du som kunde skal låna pengar.
Alle norske bankar må følgja myndigheitene sine reglar for kor mykje dei kan gje i bustadlån, og all gjeld tel med i avgjerdsgrunnlaget.
Det kan difor vera lurt å ta ein gjennomgang av eigne gjeldsopplysningar. Merk at Gjeldsregisteret kun inneheld informasjon om usikra forbrukskreditt, eksempelvis kredittkort og forbrukslån.